Margherita de' Medici
Margherita de' Medici | |||
| |||
Fødd | 21. mai 1612 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Firenze | ||
Død | 6. februar 1679 | ||
Dødsstad | Parma | ||
Gravstad | Sanctuary of Santa Maria della Steccata | ||
Gift med | Odoardo Farnese | ||
Dynasti | Medici | ||
Far | Cosimo II de' Medici | ||
Mor | Maria Magdalena von Österreich | ||
Born | Ranuccio II Farnese, Alejandro Farnesio, Caterina Farnese, Maria Maddalena Farnese of Parma, Orazio Farnese |
Margareta av Medici (21. mai 1612–6. februar 1679) var hertuginne av Parma, gift med hertug Odoardo Farnese av Parma.[1] Ho var regent av Parma medan sonen Ranuccio II Farnese var umyndig frå 1646 til 1648
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Tidleg liv
[endre | endre wikiteksten]Margareta var fødd i Firenze som den andre dottera og det fjerde barnet til Cosimo de Medici og Maria Magdalena av Indre Austerrike. Ho fekk ei god utdanning i latin, i litteratur, musikk og kunst.
Den eldre systera hennas blei trulova i 1620 med Odoardo, hertugen av Parma og Piacenza, i eit ekteskap som var meint å bekrefta alliansen mellom Parma og Toscana. Då trulovinga blei oppheva på grunn av helsa til systera tok Margareta plassen hennar, og ei ny truloving fann stad i 1627. På råd frå kardinal Richelieu, foreslo enkjedronning Maria de Medici at Margareta skulle gifta seg med broren til den franske kongen, prins Gaston, hertugen av Orleans. Planen fekk støtte frå paven, men blei avvist i Parma og Firenze.
Hertuginne av Parma
[endre | endre wikiteksten]11. oktober 1628 fann bryllaupet mellom Margareta og Odoardo stad i katedralen i Firenze. Bryllaupsfeiringa heldt fram i Parma, der det nygifte paret kom den 6. desember same året. Til deira ære gav Teatro Farnese premiere på operaen Mercurio e Marte til musikk av Claudio Monteverdi og tekst av Claudio Achillini.
Forholdet mellom Margareta og Odoardo blei skildra som lykkeleg. Margareta blei omtalt som danna, vakker og sjarmerande, og Odoardo som tru og lojal mot henne. Regjeringstida deira i Parma vekte misnøye på grunn av den franskvennlege politikken dei førte, og for det luksuriøse og påkosta hoffliv dei finansierte med eit høgt skattetrykk. Dette vekte særleg misnøye under det elendet som oppstod etter pesta i 1630.
Ho brevveksla regelmessig med familien sin og Toscana, og vitja Firenze i 1639. Under henne var hoffet i Parma sterkt påverka av den florentinske kulturen og hoffetiketten. Margareta gav støtte til ballettar og operaførestillingar ved hoffet. Ho engasjerte songaren Ippolito Fusai ved fleire høve, og gav støtte til målaren Justus Susetermans, som måla fleire portrett av henne i ulike aldrar. Ho interesserte seg òg for hagebruk.
Regent
[endre | endre wikiteksten]Odoardo døydde av slag 12. september 1646 i Piacenza, og blei etterfølgd av sonen Ranuccio II Farnese. Sidan sonen var seksten år og umyndig blei det innsett ei formyndarregjering som skulle styra til han blei atten. Margareta av Medici blei utnemnd til regent i formyndarregjeringa saman med svogeren sin, kardinal Francesco Maria Farnese. Etter at han døydde 12. juli 1647 styrte ho åleine. Politisk støtta ho eit samarbeid med Toscana og Parma i utanrikspolitikken.
Regjeringstida hennar var kort, då sonen oppnådde styresmaktsalderen på det attande fødselsdagen sin den 17. september 1648. Nesten umiddelbart oppstod det usemje mellom Ranuccio II og mora, som Margareta tilla påverknad frå utanriksministeren Jacopo Gaufrido, som ho såg som ein fransk spion og hadde mislikt allereie under regjeringstida til ektemannen. Ho støtta i staden Francesco Serafini som utanriksminister. Ho lykkast i å styrta Gaufrido etter nederlaget i den andre krigen mot hertugdømmet Castro, og fekk han avretta i januar 1650 i Piacenza.
Seinare år
[endre | endre wikiteksten]Relasjonane mellom Margareta og svigerdøtrene hennar fungerte heller ikkje. Konflikten med den fyrste svigerdottera, Margareta Violante av Savoie, blei så vanskeleg at det òg forverra tilhøvet hennar til sonen, som til slutt rådde mor si til å dra tilbake til Firenze. I oktober 1660 fann det stad eit endeleg brot. I april 1661 drog ho til Firenze for å ta del i bryllaupet til brorsonen sin; deretter vende ho ikje tilbake til Parma før etter at svigerdottera var død i barsel i 1663. Tilhøvet hennar til til den neste svigerdottera blei også vanskeleg.
Medan ho var utestengd av sonen frå offentlege saker, opprettheldt ho ein aktiv korrespondanse med brørne sine, som er blitt lagra. I breva sine til dei skreiv ho om kvardagen sin, og korleis ho vigde seg til jakt og fiske. I 1671 vitja ho Innsbruck, der systera Anna de Medici var grevinne av Tirol og erkehertuginna av Austerrike.
Margareta av Medici døydde 6. februar 1671 i Parma. Til hennar minne blei det lese epitafium i kyrkjene i Parma og Piacenza skrivne av Ottavio Landi, Benedetto Bacchini og Felice Rotondi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Dario Busolini, «FARNESE, Caterina (in religione Teresa Margherita dell'Incarnazione) », Dizionario Biografico degli Italiani, Vol. 45, Istituto dell'Enciclopedia italiana Treccani
- Denne artikkelen bygger på «Margareta av Medici» frå Wikipedia på svensk, den 6. mai 2024.