Hopp til innhald

Armand-Jean du Plessis de Richelieu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Armand-Jean du Plessis de Richelieu

Fødd9. september 1585
Paris
Død4. desember 1642
Paris
Tittelbiskop, kardinal, governor of Brittany, Secretary of State for Foreign Affairs, Chief Minister of France
Alle titlarhertug
Hus eller slektHouse of Richelieu
GravstadChapelle Sainte-Ursule de la Sorbonne
LandKongedømet Frankrike
MorSusanne de La Porte
FarFrançois IV du Plessis de Richelieu
Våpenskjoldet til kardinal Richelieu.

Armand-Jean du Plessis de Richelieu (9. september 15854. desember 1642) var ein fransk statsmann og kjend som «den raude eminensen».[1][2][3] Han var kardinal frå 1622 og hertug av Richelieu og Fronsac frå 1631.

Richelieu var fødd i ein adeleg familie i Paris. Han slo inn på den kyrkjelege bana, og blei utnemnd til biskop av Luçon i 1606. I 1622 blei han utnemnd til kardinal. Gjennom Maria av Medici sin innverknad blei han hovudminister for Ludvig XIII og frå 1624, ei stilling som han heldt fram til han døydde i 1642.

Målet hans var det eineveldige monarkiet. Uten nåde knuste han opposisjon frå adelen og nedkjempa hugenottane. Utanrikspolitisk prøvde han skapa ei leiarstilling for Frankrike i Europa gjennom å bryta Habsburg-makta. Derfor gav han støtte til den svenske kungen Gustav II Adolf og dei protestantiske fyrstane i Tyskland, og trekte inn Frankrike i trettiårskrigen i 1635.

Richelieu si omorganisering av embetsverket og konsentrasjonen av makta til sentraladministrasjon danna grunnlaget for den franske stordomstida på 1600-talet, og blei normgjevande for styret til Ludvig XIV og kardinal Mazarin. På grunn av stadig aukande skattebører, som framfor alt ramma borgarar og bønder, lukkast han likevel aldri med å vinna støtte frå det breie folket.[4]

Richelieu hadde ein privat garde av livvakter som omgav han og verna han, til og med i det kongelege slottet. Palasset hans – Palais-Cardinal, det seinare Palais- Royal – var meir briljant, meir kunstnarisk utsmykka og meir fylt av statsmenn, offiserar, supplikantar, kunstnarar og forfattarar enn Louvre, der kongen heldt til.[5] Kardinalen var motvillig til at ein vende seg direkte til kongen i staden for til han med nokon som helst spurnad. Han hadde ei årleg inntekt på 3 millionar livres.[5]

Ambisjonen hans var at fransk skulle erstatta latin som det generelle språket i den siviliserte verda. For å reinska opp språket grunnla han i 1635 Det franske akademiet, som fekk som oppdrag å utvikla og nøyaktig bestemma språkforma og dessutan kommunisera grunnlaga for retorikk og poetikk.[5]

Richelieu er gravlagd i Sorbonnekapellet; gravmonumentet hans blei utført av François Girardon.

  1. «Armand-Jean du Plessis Richelieu - Uppslagsverk - NE». www.ne.se. Henta 11. november 2015. 
  2. Richelieu i Nordisk familjebok (1:a upplagan, 1889)
  3. Richelieu i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1916)
  4. Bra Böckers lexikon, 1979. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Hildebrand, Hans; Hjärne, Harald; Pflugk-Harttung, Julius von. «636 (Världshistoria / Nya tiden 1500-1650)». runeberg.org (på svensk). Henta 11. desember 2021.