Margrethe Røed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margrethe Røed

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. desember 1976 (47 år)
Noreg Sjå dette på Wikidata
Yrke programleiar

Margrethe Røed (fødd 10. desember 1976) er ein norsk programleiar i NRK Barne-TV og Super Barne-TV på TV- og radiokanalen NRK Super.

Røed tok i 2001 cand.mag. ved NTNU i Trondheim i faga teater, drama og musikk. Etter eit par år frilans fekk ho sommaren 2004 jobb som programleiar i Barne-TV på NRK.[1] Ho var gravid då ho deltok i Skal vi danse 2009 på TV 2 saman med Asmund Grinaker. Røed har òg vore med i TV-programma Beat for beat og De ukjente. I sesongane 2010-11 og 2011-12 spelte ho hovudrolla, Tura, i teaterversjonen av Jul i Blåfjell på Folketeateret. Røed har sidan 2010 vore programleiar i Julemorgen på NRK. I 2011 til 2015 var Røed programleiar for Melodi Grand Prix Junior og vore programleiar i Amigo Grande på NRK og NRK Super i 2012. I 2021 var Røed deltakar i andre sesong av Kompani Lauritzen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Søkte seg til sommervikariat i barne-tv i Dagens Næringsliv den 21. juni 2004.