Maria Solheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maria Solheim

Fødd19. januar 1982 (42 år)
FødestadØksnes kommune
OpphavNoreg
Aktiv1999–
Sjangerrock
Instrumentvokal
PlateselskapUniversal Music Group
Verka somsongar, musikar, gitarist, låtskrivar
FarVilly Solheim
PrisarSpellemannprisen for årets barneplate

Maria Solheim (fødd 19. januar 1982) er ein norsk musikar frå Alsvåg i Øksnes i Vesterålen.

Maria Solheim byrja spela gitar helga då ho fylte 15. Eit halvt år seinare (sommaren 1997) vart ho oppdaga av Bengt Egil Hanssen, fast pianist med Kari Bremnes. Hanssen høyrte Solheim i ei lita kyrkje på eit fiskevær i Øksnes kommune i Nordland. Den 15 år gamle jenta var allereie kjend i nærmiljøet som skribent for lokalavisa Nordlændingen og som bidragsytar i fleire diktsamlingar. Hanssen kontakta Erik Hillestad, leiar for Kirkelig Kulturverksted, som gav henne eit tilbod i form av ei utfordring: To dagar i studio med tre musikarar. Då resultatet låg klårt, var ikkje Hillestad i tvil om at Solheim var eit talent av dei sjeldne.

Hausten 1999 fekk Maria Solheim platekontrakt. Halvtanna år seinare, i 2001, kom debutplata Barefoot ut. Då hadde Solheim i samarbeid med Hillestad og produsent Hanssen klart å koma fram til eit uttrykk som viste en artist med ein umiddelbar melodisk teft, kopla med eit dynamisk spenn. Allereie i så ung alder laga Maria Solheim songar med mogne tekstar, og melodiane hadde særtrekk. Musikken var akustiskbasert poprock, tydeleg inspirert av den angloamerikanske singer/songwriter-tradisjonen, men med eit moderne lydbilete.

Oppfylgjaren Behind Closed Doors vart spelt inn med hennar eige band, noko som gjorde at musikken og lydbiletet var endå meir moderne enn på debuten. I løpet av 2002 turnerte Solheim i store delar av Europa, og platene hennar vart også lanserte i Tyskland og Japan. Hausten 2003 innleia ho eit samarbeid med Emil Nikolaisen frå hardrockbandet Silver. Ho valde den anerkjente rockaren til å vera produsent for det tredje albumet hennar, Frail. Dette samarbeidet heldt fram, og Nikolaisen var også produsent for det fjerde albumet til Solheim, Will There Be Spring som kom ut i 2006.

Maria Solheim er både vokalist og gitarist og skriv alle tekstane sine sjølv. I 2006 debuterte ho også som forfattar med Den lille kaosboka som kom ut på Lunde Forlag. Boka er illustrert med teikningar av Solheim sjølv.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 2001: Barefoot (Kirkelig Kulturverksted)
  • 2002: Behind Closed Doors (Kirkelig Kulturverksted)
  • 2004: Frail (Kirkelig Kulturverksted)
  • 2006: Will There Be Spring (Kirkelig Kulturverksted)
  • 2012: In The Deep (Universal)
  • 2016: Kaptein Snabelbæsj og hjertetyven, med Silje Sirnes Winje
  • 2018: Stories of New Mornings

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]