Maria Walliser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maria Walliser
Maria Walliser.jpg
Fødd 27. mai 1963
Mosnang
Yrke alpinist
Maria Walliser på Commons

Maria Walliser (fødd 27. mai 1963) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Mosnang i kantonen St. Gallen i Sveits. I 1987 vart ho verdsmeister i både utfor og super-G. Også i 1989 vart ho verdsmeister i utfor. Både i 1986- og 1987-sesongen vann ho verdscupen. Ho vann i tida 1983-90 til saman 25 verdscuprenn, fordelt på alle greinene i alpint unnateke slalåm.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Walliser sin første siger i verdscupen kom i januar 1983 i utfor i Megève. Under vinter-OL 1984 i Sarajevo vann ho sølvmedaljen i utforrennet, bak landsmannen Michela Figini. I 1984 vann ho utforcupen i verdscupen, noko ho gjentok i 1986. I 1987 vann ho super-G-cupen. Dei to sesongane 1986 og 1987 var ho verdas beste skialpinist på kvinnesida, og fekk såleis med seg verdscuptrofeet.

Høgdepunktet for Walliser var verdsmeisterskapen i alpint 1987 i Crans-Montana, då ho gjekk til topps både i utfor og super-G, og vann bronsemedaljen i storslalåm. Frå vinter-OL 1988 i Calgary fekk ho med seg i to bronsemedaljar, i høvesvis storslalåm og den alpine kombinasjonen.

Under VM i alpint 1989 i Vail tok ho sitt andre VM-gull i utfor. I sin siste sesong, 1989/90, sigra ho i to renn i verdscupen. Begge var utforrenn, det siste gjekk føre seg i Haus i Austerrike.

Maria Walliser la opp i 1990.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]