Marie-Theres Nadig
Utsjånad
Marie-Theres Nadig | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 8. mars 1954 (70 år) Flums |
Yrke | alpinist |
Høgd | 165 centimeter |
Marie-Theres Nadig på Commons |
Marie-Therese Nadig (fødd 8. mars 1954) frå Flums i kantonen St. Gallen i Sveits er ein tidlegare skirennar. Ho vann to gullmedaljar under Vinter-OL 1972 i Sapporo, og i 1981 den alpine verdscupen for kvinner.
Nadig debuterte i verdscupen i 1970. Under vinterleikane 1972 vann ho gullmedaljane både i utfor og i storslalåm. Mellom 1975 og 1981 vann Nadig 24 verdscuprenn, 13 av dei i spesialgreina utfor. Etter å ha gjort sin beste sesong i verdscupen i 1980 med ein tredjeplass, vann ho verdscupen i alpint 1981. Ho vann i 1980 også utforcupen og i 1981 både utfor- og kombinasjonscupen.
Under Vinter-OL 1980 i Lake Placid vann Nadig bronsemedaljen i utfor.
Nadig har vore trenar på landslagsnivå både i Liechtenstein og i heimlandet Sveits.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Marie-Theres Nadig» frå Wikipedia på tysk, den 13. januar 2012.
Kategoriar:
- Einskildkvinner
- Fødde i 1954
- Sveitsiske alpinistar
- Verdsmeistrar i alpine greiner
- Olympiske meistrar for Sveits
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sveits
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1972
- Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1972
- Alpinistar under vinter-OL 1972
- Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1976
- Alpinistar under vinter-OL 1976
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1980
- Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1980
- Alpinistar under vinter-OL 1980