Marieholm i Småland

Koordinatar: 57°23′6.4860″N 13°51′28.523″E / 57.385135000°N 13.85792306°E / 57.385135000; 13.85792306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

57°23′6.4860″N 13°51′28.523″E / 57.385135000°N 13.85792306°E / 57.385135000; 13.85792306 Marieholm er ein svensk tettstad i Gnosjö kommun i Jönköpings län i Småland. I 2005 hadde tettstaden 218 innbyggjarar.

Den nedlagde båtfabrikken er ombygd til teater, restaurant, konferansehall og meir, og blir kalla Hjärnbruket. Marieholm har verken skular eller butikkar, dei blei stengt på byrjinga av 2000-talet. Mellom Marieholm og Hillerstorp er det ein kanal som tidlegare blei brukt for å frakte varer frå industriføretaka i Marieholm til jernbanen i Hillerstorp. No er òg den gamle hamna reparert, og herfrå går det ein turistbåt langs kanalvegen til Hillerstorp.

1. april 2008 fekk Marieholm eige postnummer: 335 94 MARIEHOLMSBRUK. Første laurdag i september kvart år vert Marieholmsdagen halden. Då stiller lokale handverkarar ut sine produkt til sal. Samtidig driv ein ulike aktivitetar, f.eks. ponniriding og kaféverksemd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]