Marius Hægstad
Marius Hægstad | |||
| |||
Fødd | 15. juli 1850 Ålesund | ||
---|---|---|---|
Død | 21. november 1927 (77 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, lingvist, filolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Barn | Leiv Heggstad, Olav Heggstad, Sigvat Heggstad | ||
Alle verv |
|
Kristofer Marius Hægstad (15. juli 1850–21. november 1927) var ein norsk språkmann. Han var professor i norsk språk, med vekt på landsmål. Hægstad var fødd i Ålesund, men voks opp i Davik og i Bergen.
I 1898 vart Hægstad formann for ei nemnd som skulle finna fram til ei offisiell rettskriving for landsmål (nynorsk). Fleirtalet i nemnda ville gjennomføra ei radikal nyskaping, men Hægstad gjekk inn for små endringer av Ivar Aasen si skriftnorm. Departementet delte Hægstad sitt syn, og Hægstad-normalen vart med dette den fyrste offisielle rettskrivinga for landsmål.
Hægstad sat òg i fleire periodar på Stortinget for Venstre. Han vart òg den fyrste leiaren for Noregs Mållag, frå 1906 til 1909.
Hægstad var far til målmannen og skulemannen Leiv Heggstad, og farfar til språkforskaren Kolbjørn Heggstad.
Hægstad døydde i Oslo.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1850
- Døde i 1927
- Norske språkforskarar
- Professorar ved Universitetet i Oslo
- Stortingsrepresentantar 1892-1894
- Stortingsrepresentantar 1898-1900
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag
- Leiarar av Noregs Mållag
- Gravlagde på Vår Frelsers gravlund
- Folk frå Ålesund
- Folk frå Bergen