Marja-Liisa Olthuis
Marja-Liisa Olthuis | |||
| |||
Fødd | Marja-Liisa Mujo 9. august 1967 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Finland | ||
Yrke | lingvist | ||
Medlem | Complementary Aanaar Saami Language Education |
Marja-Liisa Olthuis (fødd 9. august 1967 i Partakko i Enare) er ein samisk lingvist og forfattar som jobbar med enaresamisk.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Olthuis vart fødd i 1967 som dotter av Elias Mujo (Sammlii-Kaabi Eljis) og kona Elsa (Piätárii-Heendâ Heeihâ Elsa, tidlegare Elsa Aikio). Då ho var fire år gamal døydde faren og bestefaren i ei snøskuterulukke. Ho byrja på grunnskulen i Partakko i 1974 og fortsette skulegangen i Utsjok og Nuorgam. Då mor hennar gifta seg på nytt, flytte familien til Kuhmo, der Marja-Liisa avslutta skulelaupet. I 1992 gjekk ho ut frå Uleåborgs universitet med ein mastergrad i filosofi. Det same året flytte ho med ektemannen sin til Nederland.[1]
Olthuis har òg skrive fleire skjønnlitterære bøker og dikt. For barneboka Njobžâvääri pessijâšmarkkâneh vart ho utmerka med ei oppføring på æreslista til International Board on Books for Young People (IBBY).[2] I 2021 gav ho ut den fyrste enaresamiske science fiction-boka nokon sinne, Masa jo mánudáást.
I 2020 vart ho tildelt Linguapax International Award for det vellukka arbeidet sitt med å revitalisere det enaresamiske språket.[3]
Ho bur i Nederland saman med mannen sin og dei to døtrene deira. Dei pratar enaresamisk heime.[1]
Lingvistisk arbeid
[endre | endre wikiteksten]Olthuis fullførte lisensiatgraden sin, ein grad mellom master og doktorgrad, i 2001. I 2007 forsvarte ho doktorgraden i enaresamisk språk på enaresamisk. Ho var den fyrste til å forsvare ein doktorgrad på enaresamisk.[4] I samarbeid med Uleåborgs universitet starta ho i 2009 opp eit eittårig intensivkurs i enaresamisk. Dette er ei vidareutdanning meint å gjennopplive språket, og rettar seg fyrst og fremst mot yrkesgrupper som har mykje kontakt med born og ungdom. Deltakarane vart nøye utvalde med tanke på behova til det samiske samfunnet. I laupet av to år vart prosjektet fullstendig finansiert av den finske staten, og deltakarane får betalt tilsvarande den løna dei hadde i det førre yrket sitt medan dei deltek. [3] Olthuis har skrive ei ordbok og ein grammatikk for å fremje det enaresamiske språket. Ho utviklar språkprogram som skal gjeva born og ungdom aktive språkkunnskapar. Interessene hennar omfattar dei samiske språka, finsk, språkrevitalisering, leksikologi, andre- og framandspråksopplæring og omsetjing.[5]
Utgjevingar i utval
[endre | endre wikiteksten]Skjønnlitterære verk
[endre | endre wikiteksten]- 2006: Njobžâvääri pessijâšmarkkâneh (barnebok)
- 2006: Njobžâvääri jonsahpeivkähteeh (barnebok)
- 2021: Masa jo mánudáást (science fiction-roman)
Vitskaplege monografiar
[endre | endre wikiteksten]- 2007: Inarinsaamen lajinnimet ja sienten kansannimitysten historiaa ja oppitekoisten uudisnimien muodostuksen metodiikkaa (doktoravhandling) [Historia til enaresamiske artsnamn og metodikken attom folkelege nemningar og faglege neologismar]
- 2013: Revitalising Indigenous languages. How to recreate a lost generation (saman med Suvi Kivelä og Tove Skutnabb-Kangas), Bristol: Multilingual Matters ISBN 978-1-84769-887-2
Lærebøker og ordbøker
[endre | endre wikiteksten]- 2000: Kielâoppâ
- 2005: Sämikielâ sänikirje säämi-suoma ja suomâ-säämi
Omsetjingar til enaresamisk
[endre | endre wikiteksten]- 1991: Sun ana mist huolâ
- 1995: Evaƞgelium Matteus mield
- 2003: Luándukirje
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 2008: Oppført på IBBY sin Honour list for Njobžâvääri pessijâšmarkkâneh
- 2020: International Award tildelt av Linguapax
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Marja-Liisa Olthuis», www.samimuseum.fi (Sámi musea Siida & Anarâškielâ servi), 2006, henta 18. oktober 2022
- ↑ «IBBY Honour list 2008», www.ibby.org, henta 18. oktober 2022
- ↑ 3,0 3,1 Marja-Liisa Olthuis is the winner of the Linguapax International Award 2020 (på engelsk), Linguapax International, 21.02.2020, henta 18. oktober 2022
- ↑ Katriina Kilpi (28. september 2007), «Doctoral thesis to be defended in Inari Sámi», web.archive.org (Eurolang, publisert 13. april 2007), arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 18. oktober 2022
- ↑ Olthuis, Marja-Liisa; Kivelä, Suvi; Skutnabb-Kangas, Tove (23. januar 2013), Revitalising Indigenous Languages (på engelsk), Multilingual Matters, ISBN 978-1-84769-889-6, doi:10.21832/9781847698896/html, henta 18. oktober 2022
- Denne artikkelen bygger på «Marja-Liisa Olthuis» frå Wikipedia på tysk, den 18. oktober 2022.