Mark St. John

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mark St. John
Mark St. John.jpg
Fødd 7. februar 1956
Hollywood
Død

5. april 2007
Los Angeles

Yrke gitarist

Mark St. John (7. februar 19565. april 2007) var ein amerikansk gitarist, mest kjend for å ha spelt i hard rockbandet Kiss.

Han vart fødd som Mark Leslie Nortoni Hollywood i California.

St. John tok over for Vinnie Vincent og spelte på albumet Animalize frå 1984. Han gjekk ikkje så bra saman med dei andre medlemane i bandet, og utvikla brått Reiters syndrom (ei form for artritt), som gjorde at hendene og armane svulma opp. Han spelte berre under tre konsertar med Kiss, og berre ein heil, under Animalize-turneen. Bruce Kulick hjelpte til, og tok over då St. John fekk sparken, offisielt 8. desember 1984.

Mark St. John starta i 1985 bandet White Tiger i lag med David Donato and Barry Brandt (Angel). Dei gav ut eit album i 1986. Delar av dette bandet spelte inn ein demo i lag med den opphavlege trommeslagaren i Kiss, Peter Criss i 1990.

Han spelte i ein kort periode i eit band (i lag med Phil Naro) som vart kalla «Mark St. John Project» og gav ut ein EP i 1999. Han gav i 2003 også ut ein CD med instrumentalmusikk som heitte Magic Bullet Theory.

Mark St. John døydde om morgonen 5. april, 2007 av hjerneblødning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Engelsk wikipedia og allmusic.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]