Marknadsøkonomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Markedsøkonomi)

Marknadsøkonomi er ein økonomisk struktur der marknaden bestemmer prising og tilgjenge via etterspørselen og kjøpekrafta. Myndigheitene har liten eller ingen kontroll over marknadsøkonomien.

Marknadsøkonomi er det «motsette» av planøkonomi. Ingen av desse eksisterer likevel i rein form. Staten vil alltid sette grenser for marknadskreftene ved lovgiving og skattar. Ifølgje den britiske økonomen Adam Smith1700-talet representerte dei frie marknadskreftene «ei usynleg hand» som koordinerte økonomien. Mange forbind USA med eit slikt samfunn der marknaden fungerer, men samtidig blei mange bedrifter der dominerande til og med i verdsmålestokk. Desse bedriftene blei styrte av ei synleg hand, ved eit leiingshierarki tilsvarande det ein finn i kommunistiske regime.

Sentralt for marknadsøkonomien er den «nyklassiske» visjonen som blei forma på slutten av 1800-talet. Samtidig med nyskaping innanfor industrien skulle økonomien vekse i harmonisk likevekt mellom knappheit og individuelle val. Nyklassisk økonomisk teori tar utgangspunkt i individet som søkjer lykke og unngår smerte. Marknaden ville regulere tilbod og etterspørsel ved at prisane varierte.

Marknadsøkonomien fekk si største krise i mellomkrigstida. Mellom andre Joseph Schumpeter kritiserte klassiske og nyklassiske økonomer for å vere for statiske og berre opptatt av korleis løner, prisar og arbeidsløyse tilpassa seg marknaden. Han reviderte desse teoriene for å forklare kva som gav grunnlaget for økonomisk vekst, og han retta da merksemda mot innovasjon av varer og produksjonsmetodar.

Tendensen i mange land til meir privatisering og større grad av marknadsøkonomi dei siste ti-åra blir òg kalla nyliberalisme.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]