Markku Tuokko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Markku Tuokko
Statsborgarskap Finland
Fødd 24. juni 1951
Nurmo
Død

20. februar 2015 (63 år)
Lojo

Yrke friidrettsutøvar
Høgd 196 centimeter

Markku Martti Tuokko (24. juni 195120. februar 2015) var ein finsk, tidlegare friidrettsutøvar som deltok i både diskoskast og kulestøyt. Under EM i 1978 fekk han sølvmedalje i diskos med eit kast på 64,90 meter. Tuokko vart finsk meister i diskoskast fem gongar; 1977 og 1979-82. Hans personlege rekord i diskos var 68,12 meter, oppnådd i mai 1979 i Fresno i California. Dette kastet var finsk rekord til 2001, då Timo Tompuri kasta 69,62 m. I kulestøyt støytte Tuokko 20,03 meter i august 1979.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tuokko fekk sølvmedaljen i den nasjonale meisterskapen i diskoskast i fire år på rad; 1973-76. Kvart år la han på nokre titals centimeter, frå 60,98 m i 1973 til 62,34 m i 1976, men måtte kvar gong sjå seg slått av Pentti Kahma. Tuokko sette personleg rekord i 1974 med 64,40 m og fekk plass i den finske troppen til EM i Roma, der han han ikkje lukkast kvalifisere seg til finalen.

Han deltok i diskos under OL i Montreal, men nådde heller ikkje då å kvalifisere seg til finalen. Same sesongen fekk han med seg ein bronsemedalje i kulestøyt frå den finske meisterskapen, i tillegg til den fjerde rake sølvmedaljen i diskoskast. I 1977 vann han sitt fyrste FM-gull i diskoskast etter eit kast på 63,06 m, Kahma vart vist til sølvplassen. Tuokko tok sjølv sølvmedaljen i kulestøyt.

I 1978 opplevde Tuokko høgdepunktet som aktiv, då han fekk EM-sølv i diskoskast, overgått einast av den suverene vinnaren, Wolfgang Schmidt frå Aust-Tyskland. Våren 1979 gjorde han sitt lengste diskoskast nokon gong, 68,12 m, under gunstige tilhøve i Fresno i California. Same sesongen kopierte han prestasjonane frå den nasjonale meisterskapen i 1977, med gull i diskos etter sterke 65,40 m, og sølv i kule.

Doping[endre | endre wikiteksten]

I 1979 vart Tuokko tatt for doping under eit Europacup-stemne, saman med landsmennene Asko Pesonen og Seppo Hovinen, den siste spydkastar.[1]

Medaljar og plasseringar i diskoskast i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Quercetani, Roberto L. «History of the European Cup». Henta 6. august 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]