Martin Donovan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martin Donovan
Martin Donovan.jpg
Fødd19. august 1957
FødestadReseda
Verka somskodespelar, manusforfattar, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, filmregissør

Martin Donovan (fødd 19. august 1957) er ein amerikansk skodespelar fødd i California. Donovan skreiv manus, var regissør og hadde hovudrolla i filmen Collaborator, der han speler ein person som vert tatt som gissel mens han besøkjer mor si i barndomsheimen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1983 flytta Donovan og kona, skodespelaren Vivian Lanko, til New York by, der han tok forskjellige strøjobbar før han begynte som skodespelar. Dei har to søner, og var busett i New York i fleire år, men dei flytta så til Vancouver i Canada. Donovan har hatt eit langt samarbeid med den kjende regissøren Hal Hartley, og han har spelt i fleire av Hartley sine filmar, mellom anna Trust (1990), Surviving Desire (1991), Simple Men (1992), Flirt (1993), Amateur (1994), og The Book of Life (1998, der han speler Jesus). Donovan hadde rolla som Peter Scottson, ein DEA-agent i fjorten episodar av TV-serien Weeds, før figuren hans blei skriven ut av serien. Han blei nominert til SAG Awards for rolla. Andre gjesteroller i TV-seriar har vore i Law & Order: Special Victims Unit, CSI: Crime Scene Investigation og The Dead Zone.

Donovan har også spelt i filmar som Pipe Dream og The Portrait of a Lady. For rolla i The Portrait of a Lady blei han tildelt ein National Society of Film Critics Award for beste mannlege birolle. I 2002 blei det produsert ein amerikansk versjon av den norske filmen Insomnia med Al Pacino, Martin Donovan og Robin Williams i hovudrollene. Donovan hadde ei noko mindre rolle i filmen Agent Cody Banks som blei regissert av Harald Zwart med Frankie Muniz og Hilary Duff i hovudrollene, filmen blei sleppt i USA i mars 2003. I 2004 hadde Donovan rolla som pastor og rektor ved ein kristen skule i filmen Saved! med blant andre Macaulay Culkin og Patrick Fugit på rollelista.

I 2005 spelte han i filmen The Quiet med Edie Falco og Elisha Cuthbert, og i 2007 hadde han ei rolle i skrekkfilmen Wind Chill der han spelte mot Emily Blunt og Ashton Holmes. Donovan hadde rolla som moldvarp i Secret Service i filmen The Sentinel med blant anna Michael Douglas, Kiefer Sutherland, Eva Longoria og Kim Basinger på rollelista. Filmen blei sleppt i april 2006. I 2009 fekk han ei av hovudrollene i The Haunting in Connecticut der han spelte mot Virginia Madsen. Av andre filmar han har spelt i kan nemnast The United States of Leland, The Opposite of Sex, Living Out Loud, In a Savage Land, Onegin, Heaven, Hollow Reed, og Nadja. Han hadde ei rolle i Shadows and Lies med James Franco og Julianne Nicholson som blei sleppt på Tribeca Film Festival i april 2010.

Ghost Whisperer[endre | endre wikiteksten]

Donovan var med i fleire episodar av tredje sesong i TV-serien Ghost Whisperer. TV-serien følgjer rollefiguren Melinda Gordon (spelt av Jennifer Love Hewitt) som kan snakke med jordbundne sjeler som tilhøyrer menneske som har døydd, men som ikkje har kome seg vidare til den andre sida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]