Martin Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martin Larsen
Fødd 29. mars 1844

Rakkestad

Død 12. juni 1927
Parti Venstre

Martin Olaus Larsen (29. mars 184412. juni 1927) var ein norsk lærar, lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Rakkestad. Han representerte Venstre.

Larsen var son til ein fargar. Han tok eksamen frå lærarskule i Rakkestad i 1867. Dei to neste åra var han lærar i heimbygda, deretter var han i tolv år privatlærar på Furuholmen i Varteig. Tida 1881-1911 var han lensmann i Varteig, samstundes var han gardbrukar. Han var medlem av heradsstyret i Varteig i 20 år og forlikskommissær i 22 år. Frå 1896 var han banksjef i Varteig Sparebank.

Larsen var 1. representant frå Smaalenenes amt i perioden 1892-94 og for Tune krins i 1906-09. Han var medlem av gasje- og pensjonskomiteen 1892-93 og 1906-09, i 1894 var han medlem av sosialkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]