Martin Luther King jr.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martin Luther King jr.
Martin Luther King, Jr..jpg
Fødd 15. januar 1929
Atlanta
Død

4. april 1968 (39 år)
Memphis

Yrke borgerrettsaktivist, teolog, predikant, forkynnar, skribent, pastor, pasifist, nødhjelpsarbeider, menneskerettsaktivist, fredsaktivist, politikar
Martin Luther King jr. på Commons

Martin Luther King jr. (15. januar 19294. april 1968) var ein afroamerikansk baptistprest, borgarrettsforkjempar og vinnar av Nobels fredspris.

King var fødd i Atlanta i den amerikanske sørstaten Georgia som son av presten Martin Luther King, Sr. og Alberta Williams King. King junior utdanna seg ved Morehouse College og Crozer Theological Seminary før han tok doktorgrad ved universitetet i Boston i 1955.

Martin Luther King taler under borgerrettsdemonstrasjonen i Washington i 1963

Han blei kjend i 1955 som leiar for bussboikotten i Montgomery starta av Rosa Parks. I 1957 var han med på å at grunnlegga Southern Christian Leadership Conference, som skulle organisera borgarrettsrørsla. King gjekk inn for filosofien om sivil ulydnad, og leia talrike demonstrasjonstog for å setta fokus på dei manglande rettane til afroamerikanarane.

Den 14. oktober 1964 blei Martin Luther King den yngste mottakaren av Nobels fredspris til då. Den best kjende talen til King er den som blir kalla «I Have a Dream», som han heldt i Washington DC i 1963.

Martin Luther King blei skoten av James Earl Ray på eit hotell i Memphis i Tennessee, der King var med på å organisera ein demonstrasjon for borgarrettar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Martin Luther King jr.
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.