Martin Roe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martin Roe


Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. april 1992 (32 år)
Bergen
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2020 – Tikamp menn

Martin Roe (fødd 1. april 1992) er ein norsk friidrettsutøvar frå Bergen som primært tevlar i mangekamp, men også deltek i øvingar som 110 meter hekk og lengdehopp på nasjonalt nivå. Han er norsk rekordhaldar i tikamp med 8 228 poeng, oppnådd i april 2018. Roe er medlem i Idrettslaget Fri.

Roe vart norsk tikampmeister i 2012, 2015 og 2017, i 2017 vann han også 110 m hekk. Han vart nummer 11 i tikampen under EM 2016 og nummer 12 i London-VM året etter. Den 2. juli 2017 sette han personleg rekord med 8 144 poeng då han sigra i øvinga ved Europacupens 2. divisjon for landslag i spanske Monzón. 28. april 2018 oppnådde Roe 8 228 poeng og vann eit mangekampstemne i Firenze, han sletta dermed den 19 år gamle noregsrekorden til Benjamin Jensen. Under EM i friidrett 2018 i Berlin vart Roe sjettemann med sine 8 131 poeng.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]