Marvell Thomas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marvell Thomas
Fødd1941
FødestadMemphis i Tennessee i USA
Død23. januar 2017
OpphavUSA
SjangerMemphis soul
Instrumentorgel
Verka somKlaverspelar
FarRufus Thomas

Marvell Thomas (fødd 1941)[1] er ein afroamerikansk klaverspelar mest kjend for arbeidet sitt innan Memphis Soul, og som son av mannen kalla «Memphis's other King», Rufus Thomas. Systera hans, Carla Thomas, vart kalla «Memphis Queen» etter gjennombrotet hennar med «Gee Whiz (Look at His Eyes)».[2]

Thomas vart fødd i Memphis i Tennessee,[1] og studiokarrieren byrja då han var 17 år gammal. Han var først studiopianist hos Stax Records. Han spelte på dei første nasjonale hittane til selskapet, som «Burnt Biscuits» (av den kortvarige gruppa The Triumphs, seinare spelt av Booker T. & the MGs), barndomsvenen William Bell sin «You Don't Miss Your Water», og den første hitten til selskapet, «Cause I Love You» (med den då seksten år gamle Booker T. Jones på saksofon), ein duett av Rufus og Carla Thomas. Han spelte òg på somme av innspelingane til Wilson Pickett ved Stax og i Muscle Shoals. I Muscle Shoals spelte han òg med Clarence Carter, Eddie Hinton og Denise LaSalle.

Thomas arbeidd ofte som klaverspelar og arrangør, og spelte på album av Johnnie Taylor, The Staple Singers, Little Milton, The Emotions, Albert King, Mavis Staples, Yvonne Elliman og Etta James.[3]

Thomas var medprodusent og spelte klaverinstrument på Isaac Hayes-albumet Hot Buttered Soul.[4]

Thomas har turnert med The Temptations, vore musikalsk leiar for Peabo Bryson, faren Rufus Thomas, systera Carla Thomas og Isaac Hayes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Memphis Downtowner Magazine - My 2 Cents». Memphisdowntowner.com. Henta 15. august 2016. 
  2. «Rufus and Carla Thomas». History-of-rock.com. Henta 15. august 2016. 
  3. «Marvell Thomas | Credits». AllMusic. Henta 15. august 2016. 
  4. Browne, Pat (15 June 2001). The Guide to United States popular culture. Popular Press. s. 371. ISBN 978-0-87972-821-2. Henta 30 May 2010.