Etta James

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Etta James

James i Frankrike i juli 1990
Fødd25. januar 1938(1938-01-25)
FødestadLos Angeles i California, U.S.
Død20. januar 2012 (73 år)
DødsstadRiverside i California, U.S.
FødenamnJamesetta Hawkins
AliasMiss Peaches
The Matriarch of R&B
OpphavUSA
Aktiv1954–2012
Sjanger
Instrumentgitar, vokal
Stemmetypealt
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka somSongar
BornDonto Foster
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Rock and Roll Hall of Fame

Etta James (fødd Jamesetta Hawkins25. januar 193820. januar 2012) var ein USA-amerikansk songar og låtskrivar som verka innan sjangrar som blues, soul, rhythm and blues, rock and roll, gospel og jazz.

James spelte inn 30 album og 58 singlar gjennom karrieren sin. Rolling Stone rangerte James som nummer 22 på lista si over 100 Greatest Singers of All Time og ho var nummer 62 på lista over dei 100 største artistane i verda.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Jamesetta Hawkins blei fødd i Los Angeles i California som dotter av fjorten år gamle Dorothy Hawkins og ein ukjend mann. Mora var ofte fråverande, og James kalla henne seinare «the Mystery Lady». Ho budde hjå ei rekkje ulike fosterfamiliar, med «Sarge» og «Mama» Lu som den viktigaste. [1]

Som femåring byrja James synga ved ei baptistkyrkje i Los Angeles, og blei ein populær songar der. Ho fekk musikalsk opplæring av dirigenten James Earle Hines, som likte å visa henne fram. Ved nokre høve ville han tvinga James til å synga for pokerlaga sine seint på natta, og slå henne om ho nekta. Etter dette hadde James alltid stor motvilje mot å synga på kommando.[2]

14 år gammal hadde Etta James skipa ei eiga musikkgruppe, «The Creolettes», som spelte på hudfargen deira. Musikaren Johnny Otis blei kjend med James og hjelpte henne framover med nytt bandnamn, «The Peaches», artistnamnet Etta James (danna ved å bytta om på namnedelane i «Jamesetta») og til platekontrakt med Modern Records. Dei spelte inn «Dance with Me, Henry»(«The Wallflower»), med James som medforfattar. Songen hamna på førsteplassen på hit-lister for rhythm and blues i 1955.[3] Gruppa gav òg ut hitten «Good Rockin 'Daddy». I 1960 skreiv James under på ein platekontrakt med Argo Records, eit dotterselskap til Chess Records. Dei gav ut hennar to mest kritikarroste album, At Last! og The Second Time Around.

James hadde ei rekkje problem med lova tidleg på 1970-talet som følgje av sin heroin-avhengighet, og hadde fleire opphald på rehabiliteringssenter. Mannen hennar, Artis Mills,  tok ansvaret då dei begge to blei arrestert for å ha og misbruka heroin, og hamna i fengsel. Mills blei lauslaten frå fengsel i 1982. I 1988 blei James innlagd ved rehabiliteringsklinikken Betty Ford Center i Palm Springs i California.

James opptredde på Montreux Jazz Festival i 1977, 1989, 1990 og 1993. Ho var òg med på fleire festivalar over heile USA.

I januar 2011 blei Etta James lagd inn på sjukehus med ei rekkje helseproblem, mellom anna blodkreft.[4] 20. januar 2012, fire dagar før den 74. fødselsdagen sin, døydde ho ved Riverside Community Hospital i Riverside i California.[5][6]

Utmerkingar og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

James har vunne 6 Grammy-prisar og 17 Blues Music Awards. Ho blei teken inn i Rock & Roll Hall of Fame i 1993, Blues Hall of Fame i 2001 og Grammy Hall of Fame i 1999 og igjen i 2008.[7] I 2003 mottok James ein Grammy Lifetime Achievement Award.

James blei spelt av Beyoncé Knowles i filmen Cadillac Records frå 2008.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bob Gulla (2008). Icons of R&B and Soul. ABC-CLIO. s. 149. Henta May 21, 2011.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. Etta James, David Ritz (2003). Rage to Survive. s. 20. Henta May 21, 2011.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  3. «Etta James – inductee». Rock & Roll Hall of Fame. Arkivert frå originalen November 23, 2006. Henta December 5, 2006.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  4. «US blues singer Etta James treated for leukaemia». BBC. 14. januar 2011. Henta 18. januar 2011. 
  5. Leopold, Todd. «Singing legend Etta James dies at 73». CNN. Henta 20. januar 2012. 
  6. «RIVERSIDE: Etta James has died, manager says». www.pe.com. Henta 20. januar 2012. 
  7. Innvalgte i Blues Hall of Fame 2001[daud lenkje] (besøkt 27. august 2012)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]