Mary Russell Mitford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mary Russell Mitford

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia
Fødd 16. desember 1787
City of Winchester
Død

10. januar 1855 (67 år)
Swallowfield

Yrke skribent, lyrikar, romanforfattar, redaktør
Mary Russell Mitford på Commons

Mary Russell Mitford (16. desember 178710. januar 1855) var ein engelsk forfattar og dramatikar. Ho var fødd i Alresford i Hampshire. Ho er best kjend for Our Village, ein serie skisser av landsbyscener og livleg teikna karakterar basert på livet hennar i Three Mile Cross nær Reading i Berkshire.

Barndom[endre | endre wikiteksten]

Mary Russell Mitford var den einaste dottera til George Mitford (eller Midford), som verker ha vore utdanna lege, og Mary Russell, som stamma frå den aristokratiske Russell-familien. Ho voks opp nær Jane Austen, og var ein kjenning av henne då ho var ung. I 1797 vann den ti år gamle Mary 20.000 pund i eit lotteri for far sin, men på 1810-talet hadde den vesle familien økonomiske vanskar. På 1800-talet og 1810-talet budde dei i store eigedommar i Reading og deretter Grazeley (i Sulhamstead Abbots sokn), men då pengane var borte etter 1819, levde dei på ein liten rest av den tapte formuen til legen og avkastninga av den litterære karrieren til dottera. Ho tok vare på mor og far sin til dei døydde, og støtta dei og seg sjølv med inntekter frå skrivinga.

Frå ho var 10 til 15 år gjekk Mitford på ein skule ved Hans Place i Knightsbridge, London, etterfølgjaren til Reading Abbey Girls' School, som Austen hadde gått på nokre år tidlegare. Far hennar tilsette Frances Arabella Rowden, som hadde vore guvernante i familien til Frederick Ponsonby, 3. jarl av Bessborough, for å gje henne ekstra undervising. Rowden var ikkje berre ein publisert diktar, men hadde ifølgje Mitford eit talent til å gjera diktarar av elevane sine. Rowden tok Mitford med seg for å sjå skodespel i Theatre Royal, Drury Lane, særleg til teaterstykke der John Kemble spelte, og fortrylla henne med teaterlivet.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Medan Mitford var ung hadde ho hatt som mål å bli den største engelske kvinnelege diktaren. Dei fyrste utgjevingane hennar var dikt i stilen til Samuel Taylor Coleridge og Walter Scott (Miscellaneous Verses, 1810, Christina, the Maid of the South Seas, ei metrisk soge basert på dei fyrste nyheitene om oppdaginga av den siste overlevande mytteristen frå HMS «Bounty» og ein generasjon av britiske-tahitiske barn på Pitcairnøya i 1811; og Blanche, ein del av ein planlagd serie av Narrative Poems on the Female Character, 1813). Skodespelet hennar Julian blei sett opp i Covent Garden i 1823, med William Charles Macready i tittelrolla, og Foscari i Covent Garden i 1826, med Charles Kemble som helt. Rienzi, som var det beste av stykka hennar, fekk 34 framføringar i 1828, og ein ven av Mitford, Thomas Noon Talfourd, meinte populariteten til stykket hennar førte til nedgangen til hans eige, Ion. Charles the First blei nekta framført av sensuren til Lord Chamberlain, men blei spelt på Surrey Theatre i 1834.

Prosaen hennar, som ho blei driven til å skriva for å tena til livsopphald, var den mest suksessrike og økonomisk gjevande av dei litterære verka hennar. Den fyrste serien av Our Village-skissene kom ut i bokform i 1824 (den fyrste var gjeven ut i The Lady's Magazine fem år tidlegare), ein annan i 1826, ein tredje i 1828, ein fjerde i 1830 og ein femte i 1832. Dei kom ut i fleire opplag. Belford Regis, ein annan serie av litterære skisser der nabolaget og samfunnslivet i Reading var idealisert, kom ut i 1835. Skildringa hennar av landsby-cricket i Our Village er blitt kalla «den fyrste større prosaen om spelet».

Recollections of a Literary Life (1852) er ein serie kåseri om yndlingsbøkene hennar. Talen hennar skal ifølgje venene hennar, Elizabeth Barrett Browning og Hengist Horne, ha vore enda meir underhaldande enn bøkene hennar, og fem bind av Life and Letters, som kom ut i 1870 og 1872, viser at ho var ein dyktig brevskrivar. Dei mange samlingane av breva hennar som er tilgjengelege, gjev særleg nyttig kommentar og kritikk til litterære samtidige i romantikken og viktoriansk litteratur.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1810: Miscellaneous Poems
  • 1811: Christina, the Maid of the South Seas (poesi)
  • 1812: Watlington Hill
  • 1812: Blanch of Castile
  • 1813: Narrative Poems on the Female Character
  • 1823: Julian: A tragedy (play)
  • 1824: Our Village, band 1 (band 2 1826; band 3, 1828; band 4, 1830; band 5, 1832)
  • 1826: Foscari: A tragedy (play)
  • 1827: Dramatic Scenes, Sonnets, and other Poems
  • 1828: Rienzi: A tragedy in five acts (play)
  • 1830: Stories of American Life, by American Writers, Volume 2 (redaktør)
  • 1831: Mary Queen of Scots
  • 1831: American Stories for Little Boys and Girls (redaktør)
  • 1832: Tales for Young People (redaktør)
  • 1832: Lights and Shadows of American life (redaktør)
  • 1834: Charles the First: An historical tragedy (skodespel)
  • 1835: Sadak and Kalascado
  • 1835: Belford Regis; or, Sketches of a Country Town (tre band)
  • 1837: Country Stories
  • 1852: Recollections of a Literary Life, or Books, Places and People (tre band)
  • 1854: Atherton, and Other Tales (three volumes)
  • 1854: Dramatic Works

Kjelder[endre | endre wikiteksten]