Mary Seacole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mary Seacole
Seacole - Challen.jpg
Fødd 1805
Kingston på Jamaica
Død

14. mai 1881
London

Yrke sjukepleiar, sjølvbiograf, skribent
Mary Seacole på Commons

Mary Seacole (180514. mai 1881) var ein jamaicansk-britisk sjukepleiar som særleg er kjend for si verksemd under Krimkrigen. Ho er saman med Florence Nightingale rekna som ein pioner innan moderne sjukepleie. Med Wonderful Adventures of Mrs. Seacole ein av dei første sjølvbiografiane til ei kvinne av «blandingsrase», og gjorde ei rekkje merknader om rasetilhøve i dei ulike landa ho budde i.

Teikning av Mary Seacole

Mary Seacole var fødd som Mary Jane Grant i Kingston på Jamaica. Far hennar var ein skotsk soldat og mora jamaikansk kreol som dreiv tradisjonell urtemedisin. Ho fekk ei god utdanning, og lærte medisin av mora.

Rundt 1821 kom Mary til London der ho besøkte slektningar. Her opplevde ho gaterasisme på nært hald, særleg mot ei mørkhuda venninne. Ho kom tilbake til London rundt eit år seinare med jamaikanske sylteprodukt til å selja. Ho vende heim til Jamaica rundt 1825. Sine seinare reiser utførte ho utan anstand, ein uvanleg praksis for ei kvinne i viktoriatida.

Heime pleidde Mary Grant ein eldre velgjerar og arbeidde med sjuke saman med mor si. Frå tid til annan blei ho tilkalla til den britiske hæren sitt soldatsjukehus i Up-Park Camp. 10. november 1836 gifta ho seg med Edwin Horatio Hamilton Seacole i Kingston. Dei opna ein landhandel i Black River vest på Jamaica, men vende tilbake til hovudstaden tidleg i 1840-åra.

I tida 1843-1844 blei Seacole ramma av fleire ulukker. Familieheimen Blundell Hall, som blei driven som pensjonat, blei råka av ein bybrann. Edwin Seacole døydde i oktober 1844, og mor hennar kort tid seinare. Etter ei kort tid i sorg kasta Mary Seacole seg ut i arbeidet att. Ein ny Blundell Hall som var «betre enn før»[1] blei ofte brukt av europeisk militære som vitja Jamaica. Under koleraepidemien som drap 32 000 i 1850 pleidde ho sjuke og identifiserte årsaka til utbrotet som eit dampskip frå New Orleans, det vil seia at ho forstod korleis smitte verka.

I 1850-1854 var Mary Seacole i Panama, der bror hennar hadde opna eit hotell. Også her braut det ut kolera, og Seacole var ein av dei få som var kompetente til å behandla dei sjuke. Mot slutten av epidemien blei også Seacole sjuk, men overlevde. Ho opna seinare restauranten «British Hotel» her. I Panama opplevde ho amerikanske syn på farga i ei tid då slaveri framleis var lovleg i USA, og kommenterte samstundes dei viktige stillingane rømde amerikanske slavar skjøtte i Panama.

I 1852 vende Seacole tilbake til Jamaica. I 1853 blei ho beden om å hjelpa til då ein gulfeberepidemi råka øya. Ho høyrde om Krimkrigen i 1854, og bestemte seg for å dra til England for å arbeida som frivillig sjukepleiar. Soldatar som deltok i krigen var vel så sannsynlege offer for epidemiar som for krigshandlingar.

Seacole gjorde fleire forsøk på å verva seg til dei britiske styresmaktene, men blei avvist igjen og igjen. Ho byrja å tru at rasisme låg bak avvisingane, og bestemte seg for å reisa til Krimhalvøya med sine eigne middel. Ho brukte ruinmateriale til å reisa eit «British Hotel», ein etestad og landhandel der ho også tok seg av sjuke, nær slagplassen.

Det einaste fotografiet av Mary Seacole, frå rundt 1873.

Etter at krigen tok slutt i 1856 fekk Seacole økonomiske problem då ho sat att med mange varer ho ikkje kunne selja, varer seld på kreditt og kreditorar som ønska betaling. Etter at ho vende tilbake til England blei ho slått konkurs 7. november 1856. Hendinga vekte oppsikt og det blei sett opp eit fond som mange framståande borgarar bidrog til. Florence Nightingale var ein av bidragsytarane, sjølv om ho hadde kome med mykje kritikk av Seacole. I 1857 gav ho ut sjølvbiografien sin, den første av ei farga kvinne i England, med særleg vekt på opplevingane sine i Krimkrigen.

Rundt 1860 konverterte Seacole til katolisismen og vende tilbake til Jamaica. Ho bygde eit hus i Kingston og leigde ut ein eigedom. I 1870 kom ho tilbake til Storbritannia, kanskje grunna utbrotet av Den fransk-prøyssiske krigen. Her kom ho med i utkanten av den kongelege sosiale sirkelen. Prins Viktor av Hohenlohe-Langenburg, som hadde vore kunde ved «British House» på Krim, laga ei byste av henne i marmor i 1871. Ho blei også tilsett som massør for prinsesse Alexandra av Danmark.

Mary Seacole døydde i Paddington i 1881. Ho blei gravlagd i St. Mary's Roman Catholic Cemetery i Kensal Green i London.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mary Seacole

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «better than before», Seacole kap. II
  • Alexander, Ziggi; Dewjee, Audrey (1984). Wonderful Adventures of Mrs Seacole in Many Lands. Falling Wall Press. ISBN 0-905046-23-4. 
  • Ramdin, Ron (2005). Mary Seacole. Haus Publishing. ISBN 1-904950-03-5. 
  • Robinson, Jane (2004). Mary Seacole: The Charismatic Black Nurse who became a heroine of the Crimea. Constable. ISBN 1-84119-677-0. 
  • Gardner, Jule (2000). Who's Who in British History. Collins & Brown. s. 864. ISBN 1-85585-771-5. 
  • Seacole, Mary, The Wonderful Adventures of Mrs. Seacole, 1857.