Sjølvbiografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon til Baburnama, stormogul Babur sin sjølvbiografi.[1]
Tittelsida til The Life of Sims Reeves written by himself (1888).

Autobiografi eller sjølvbiografi er ei livsskildring forfatta av den skildringa handlar om.

Ein slik tekst kan byggja på minnet til forfattaren, meir enn ein biografi skriven av ein annan, som gjerne byggjer på ulike kjelder som dokument og intervju. Sjølvbiografien kan vera ein måte å kasta lys over eit liv slik det eigentleg var ifølgje den som levde det, og kan gje stor innsikt i livet og samtida til den han handlar om. Han kan ta opp tema som forfattarane er opptekne av, som andeleg eller ideologisk utvikling), samfunnsproblem eller opplevingar dei meiner har offentleg interesse, som politikk, musikkliv og så bortetter.

Slike tekstar må likevel også lesast kritisk, med blikk på om forfattaren utelet noko, prøver å framstilla seg sjølv i eit best mogleg lys eller rettferdiggjera seg.

Fleire romanar gjev seg ut for å vera sjølvbiografiar. Nokre gonger kan det vera vanskeleg å skilja ein sjølvbiografisk roman frå ein rein sjølvbiografi.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Confessiones ('Vedkjenningar') av den heilage Augustin frå 397 er ofte rekna som den eldste sjølvbiografien. Ein kan likevel også gå lengre tilbake til Anabasis av Xenofon (401 f.Kr.), eller rekna gravinnskrifta til keisar Augustus av Romarriket, Res Gestae Divi Augusti (år 14) som ein sjølvbiografi.

Døme på sjølvbiografiar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sur Gujarati (1590-åra). «1508, Babur celebrates the birth of Humayun in the Chahar Bagh of Kabul». Vaqi 'at-i Baburi. 

«selvbiografi» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.