Mary Weiss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mary Weiss

Fødd28. desember 1948
FødestadNew York by
Død19. januar 2024 (75 år)
OpphavUSA
Aktiv1964–69, 1989, sidan 2006
SjangerPop
InstrumentSynging
Tilknytte artistarThe Shangri-Las
PlateselskapRed Bird, Norton
Verka somSongar

Mary Weiss (28. desember 194819. januar 2024) var ein USA-amerikansk popsongar, mest kjend som førstesongar i The Shangri-Las i 1960-åra. Ho forsvann så frå musikkmiljøet i fleire tiår før ho kom attende i 2007 med det første soloalbumet sitt, for Norton Records.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Weiss voks opp i Queens, den eldre søster hennar Elizabeth (kjent som Betty) og den eldre bror hennar George budde i Cambria Heights. Ho song i skuleteater og kyrkjekor. I tillegg lytta ho til broren og venene hans framføra populære songar; George var Elvis Presley-fan. Mary sette pris på artistar som Neil Sedaka og Everly Brothers; ho var til stades ved sin første Everly Brothers-konsert i 1963 på Freedomland U.S.A. i ein alder av 14 år.[1]

Tidlege innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Etter at Weiss og søstera Betty vart gode vener med tvillingane Mary Ann og Margie Ganser på barneskulen, song dei fire på lokale dansar og treff. Det førte dei til den lokale produsenten Artie Ripp, som seinare signerte dei til Kama Sutra Productions. Etter å ha spelt inn demoar og komme seg til Brill Building i 1964 (og signert med Red Bird Records), spelte dei inn songar: «Remember (Walking in the Sand)», som var deira første hit, og «Leader of the Pack», som gjekk til topps på Billboard Hot 100-listene i 1964.[1]

Med den aukande populariteten sin vart Shangri-Las ei leiande jentegruppe i 1960-åra. Etter fleire år med slit, splitta dei seg i 1968 og gjekk kvar til sitt. Weiss drog til San Francisco for å prøva ein annan livsstil. Ho kom seinare tilbake til New York og gav av og til konsertar med Shangri-Las i løpet av 1970-talet, noko som førte til eit comebackforsøk med Sire Records i 1977. I 1989 vart Shangri-Las gjenforeina ein siste gong for Cousin Brucie's Palisades Park ReunionThe Meadowlands i New Jersey.

Ny karriere[endre | endre wikiteksten]

Weiss tok ein jobb som innkjøpsagent i New York City på Manhattan; som ho hugsa: «Eg byrja å jobba for eit arkitektfirma, og eg var seriøst interessert i det. Så byrja eg med kommersielt interiør, store prosjekt, bygningar.»[1] Seinare avanserte ho til innkjøpssjef og leidde møbelforretninga. På slutten av 1980-talet dreiv ho ei møbelforretning og var interiørarkitekt. I 2001 var ho møbelkonsulent for bedrifter i New York.[2]

Rock and roll Hall of Fame[endre | endre wikiteksten]

I 2019 heidra Rock & Roll Hall of Fame Shangri-Las sin «Leader of the Pack», der Weiss song solo, med Hall's Singles-kategorien.[3]

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

I 2005 forlét Weiss sin jobb i kommersiell interiør for å gå attende til musikken. I mars 2007 gav Norton Records ut Dangerous Game, eit kritikarrost[4] soloalbum, der ho vart akkompagnert av The Reigning Sound. Ho har opptredd andre stader i USA, og i Spania og Frankrike.

Marie Weiss døydde 19. januar 2024.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «MARY WEISS MINNER....». The Round Place in the Middle. 6. mai 2017. Arkivert frå originalen 6. mai 2017. Henta 9. mars 2020. 
  2. «The Shangri-Las: Leaders of the Pack - Sixties Music Remembered». Loti.com. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. 
  3. Songs by The Isley Brothers, The Shangri-Las honored at Rock Hall 2019 ceremony
  4. Tim Sendra (6. mars 2007). «Dangerous Game - Mary Weiss | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 9. mars 2020. 
  5. Charlotte Phillipp & Craig Rosen (19-01-2024). «Lead Singer of 1960s Girl Group The Shangri-Las Dies at 75». The Messenger Entertainment. Henta 20-01-2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]