Queens
- For musikkgruppa, sjå Queen.
Queens | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Queens | |||
Wikimedia Commons: Queens, New York City | |||
Queens er ein bydel i New York. Bydelen har samanfallende grenser med fylket Queens County i delstaten New York.
Med eit totalareal på 461,7 km² er Queens er den største av dei fem bydelane i New York City. Den har eit folketal på 2 229 379 (2000).
Queens er eit lappeteppe av mange unike nabolag, kvart med sin eigen tydelege identitet. Astoria, i nordvest, er tradisjonelt heimen til den største greske folkesetnaden utanfor Hellas, samt ein aukande del unge yrkespersonar frå Manhattan. Long Island City, i sørvest, er eit stort fabrikk- og næringsområde. Jackson Heights, Elmhurst og Corona utgjer ei stor blanding av søramerikanske og søraustasiatiske koloniar. Flushing, nord i den midterste delen av bydelen, er eit stort kommersielt samlingspunkt for kinesiske og koreanske forretningar. Richmond Hill, i sør, har den største folkesetnaden av indiske sikhar utenfor India. Forest Hills og Kew Gardens, i sentrale Queens, har tradisjonelt store jødiske folkesetnader, medan Jamaica er eit stort forretnings- og transportsentrum for bydelen, men òg heimen til store afro-amerikanske og karibiske folkesetnader. Saman utgjer desse nabolaga det mest mangfaldige fylket i USA.
Kjende fok frå Queens[endre | endre wikiteksten]
- John Gotti (1940–2002), gjengleiar og kriminell[1]
- Art Spiegelman, forfatter og teikneserieskapar
- Donald Trump, forretningsmann, mediapersonlegdom og president i USA
- Art Garfunkel, musikar
- Paul Simon, musiker
- ↑ 'Dapper Don' John Gotti dead: Brought down by the Bull, CNN.com, 11. juni 2002.