Maryna Arzamasava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maryna Arzamasava
Maryna Arzamasava 2013 Reims meeting.jpg
Fødd 17. desember 1987
Minsk
Yrke mellomdistanseløper, friidrettsutøvar
Maryna Arzamasava på Commons

Maryna Arzamasava (fødd Katovitsj17. desember 1987) er ein kviterussisk friidrettsutøvar frå Minsk som tevlar på mellomdistansane. Ho vart europameister på 800 meter i 2014, og tok bronse på same distansen under det førre EM i 2012.

Arzamasava hadde lite og inkje å vise til før 2012-sesongen. Under friidretts-EM i Helsingfors vart ho nummer tre på 800 m med tida 2.01,02, nøyaktig eit halvt sekund etter vinnaren, britiske Lynsey Sharp. To år seinare revansjerte Arzamasava seg ved EM i friidrett 2014 i Zürich. I finalen på 800 meter vann ho på ny personleg rekord, 1.58,15, Sharp kom i mål til sølvmedalje på 1.58,82.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]