Maskesongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maskesongar

Status i verda: LC Livskraftig

Maskesongar Foto: Juan Emilio
Maskesongar
Foto: Juan Emilio
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Sylviidae
Slekt: Sylvia
Art: S. conspicillata
Namn på andre språk
  • Engelsk: Spectacled Warbler
  • Vitskapleg namn
    Sylvia conspicillata

    Maskesongar (Sylvia conspicillata) er ein fugl i songarfamilien og medlem av slekta Sylvia, som òg vert kalla «typiske songarar». Det artsspesifikke namneleddet conspicillata er frå latin conspicillum, ein stad å sjå frå, tilsvarer «å ha på seg briller».[1] Arten har hovudsakleg utbreiing i Nordvest-Afrika, Sørvest-Europa, nærliggande øyar i Atlanteren og Middelhavet, dessutan ved austre Middelhavet inkludert Kypros.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Dette er ein liten «songar», han har ei kropsslengd på ca. 13 centimeter og veg i området 7,8 til 13,1 gram[2] og er ein mellomting mellom tornsongar og atlassongar i fjørdrakt. Maskesongarar har brun overside og brungul underside, med kastanjefarga vengeflekker og ein kvit strupe. Vaksne hannar har grått hovud og kvit augering som gjev arten namnet. Umodne fuglar liknar både tornsongar og raudstrupesongar, og identifikasjon er vanskeleg ute i feltet. Songen er ei snøgg, høg trille.

    Maskesongarar hekkar i nordvestlige Afrika, sørvestre Europa frå Iberia til Italia, på dei store øyane i vestlege Middelhavet, og vidare på Kypros og kystnære område i Midt-Austen. Underarten S. c. orbitalis lever på Kapp Verde, Kanariøyane og Madeira. Den nordlegaste delen av populasjonen trekker til Nord-Afrika inkludert Egypt. Denne fuglen er ein sjeldan streiffugl til Nord- og Vest-Europa.

    Desse små sporvefuglane lever i tørt, ope landskap med buskar. I likskap med slektningane sine, er maskesongar ein insektetar.

    Storleiken på populasjonen er estimert til ca. 332 000-900 000 individ. Arten er klassifisert som livskraftig.[3]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 117, 376. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
    2. Aymí, R. & Gargallo, G. (2016) Spectacled Warbler (Sylvia conspicillata) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 11. desember 2016
    3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Sylvia conspicillata. Henta frå http://www.birdlife.org den 11. desember 2016

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Maskesongar