Songarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå songar.
Songarar


Svarthovudsongar, Sylvia melanocephala Foto: Andreas Trepte
Svarthovudsongar, Sylvia melanocephala
Foto: Andreas Trepte
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Sylviidae

Songarar, Sylviidae, er ein biologisk familie av små sporvefuglar. Songarar finst som hekkefugl i «den gamle verda», og hovudsak i Europa, Asia og, i mindre grad i Afrika. Ein art er eit unntak, chaparralfugl, som lever i Nord-Amerika. Dei fleste songarane i tempererte regionar er sterke trekkfuglar, med overvintring i Afrika og i tropisk Asia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

I følge inndelinga av sporvefuglar i familiar etter EBird/Clements Checklist v2019,[1] er familien Sylviidae no ei gruppe av 68 artar med stor diversitet i fjørdrakter og storleik blant artane. Ein finn mange artar med diffuse jordfarga drakter, andre har kontrastrike teikningar med kvitt og svart. Ein art, eldstjert, Myzornis pyrrhoura, har klår grøn farge med raud stjert. Halane er middels lange til lange. Gulaugesongar, Chrysomma sinense, til dømes, har lang, brei hale. Dei to langhala asiatiske artane i Rhopophilus har lys stripete fjørdrakt.

Slekta Sylvia[endre | endre wikiteksten]

Slekta Sylvia av «typiske songarar» er den klart mest talrike med 30 artar. Sylvia er mellomstore songarar på rundt 13-17 centimeter i kroppslengd. I denne slekta syner mange kjønnsdimorfisme, med distinkte fjørdrakter for kjønna. Ein variant blant fleire artar i slekta er at hannar har eit mørkt fjørparti på hovudet og at dette partiet er brunt eller grått hos hoer. Eit døme er arten munk. Hos svarthovudsongar er større del av hovud mørkt hos hannar. Artar som hekkar i tempererte område er vanlegvis sterke trekkfuglar, med nokre unntak. Til dømes lever arten munk året rundt i Storbritannia og sørover i Europa, vinsongar kan treffast året rundt på Iberiahalvøya.

Slekta Fulvetta[endre | endre wikiteksten]

Slekta Fulvetta samlar åtte mindre artar med relativt store hovudet i høve til kroppen, typisk total kroppslengd er 11,5 centimeter med små variasjonar. Kvar fulvettaart lever i eit lite utbreiingsområde i Asia der han er standfugl.

Buttnebb[endre | endre wikiteksten]

Dei 21 langhala artane av buttnebb er spreidd over åtte slekter. Dette er fuglar som varierer i storleik frå 9,5 cm (dvergbuttnebb, Neosuthora davidiana) til ca. 28 cm for storbuttnebb, Conostoma aemodium. Buttnebb har leveområde i takrøyr og liknande biotopar. Dei lever hovudsakleg av frø, til dømes frå gras. Nebba deira er tilpassa frødiett. Buttnebb lever i tropisk til sørleg, temperert klima, dei er vanlegvis standfuglar.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Utbreiingsområdet for denne familien spenner over Eurasia og Afrika. Dei hekkar ikkje på Island, i Japan eller i nordlege og austlegaste delar av Russland eller i tørraste Sahara. Ein art, chaparralfugl, er einaste arten i Amerika og lever langs stillehavskysten av USA.

Det er stor variasjon av habitat brukt av medlemmene av denne slekta: tørr krattskog, kratt langs elvebreidder, temperert skog og bambus.[2] Nokre buttnebb kan leve i stor høgd, til dømes kvitbrynfulvetta, Fulvetta vinipectus, heilt opp til 4200 moh. i Nepal om sommaren.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Mange Sylviidae-songarar er i stor grad insektetarar, men buttnebb er òg frøetarar. Jamvel medlemmene av Sylvia kan ta ein stor del av føda som bær, frukt og anna plantematerial sjølv om insekt er hovudføda i hekketida.

Dei fleste artane er monogame og byggjer enkle, koppforma reir i tett vegetasjon. Dei legg mellom to og åtte egg per kull, avhengig av art, tre til seks er mest vanleg. Begge foreldra vil vanlegvis hjelpe med omsut for ungane, ungane er i stand til å flyge når dei er rundt to veker gamle.[2]

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Sylviidae-songarar er ein del av ei større gruppe Sylvioidea, fleire artar i dagens Sylviidae har i følge tidlegare taksonomi hørt saman i andre fuglefamiliar. Sjå artikkelen Sylvioidea for historikk.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Songarar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2019[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Slekt Parophasma
  • Etiopiasongar, Parophasma galinieri, Abyssinian Catbird, Guérin-Méneville, 1843, (LC)
Slekt Sylvia
er 30 artar typiske songarar
Slekt Myzornis
  • Eldstjert, Myzornis pyrrhoura, Fire-tailed Myzornis, Blyth, 1843, (LC)
Slekt Lioparus
  • Gullfulvetta, Lioparus chrysotis, Golden-breasted Fulvetta, Blyth, 1845, (LC)
Slekt Chrysomma
  • Gulaugesongar, Chrysomma sinense, Yellow-eyed Babbler, Gmelin, JF, 1789, (LC)
  • Grovnebbsongar, Chrysomma altirostre, Jerdon's Babbler, Jerdon, 1862, (VU)
  • Rusthalesongar, Chrysomma poecilotis, Rufous-tailed Babbler, Verreaux, 1870, (LC)
Slekt Fulvetta
  • Eikefulvetta, Fulvetta ruficapilla, Spectacled Fulvetta, Verreaux, J, 1871, (LC)
  • Annamfulvetta, Fulvetta danisi, Indochinese Fulvetta, Delacour & Greenway, 1941, (LC)
  • Sichuanfulvetta, Fulvetta striaticollis, Chinese Fulvetta, Verreaux, J, 1871, (LC)
  • Rododendronfulvetta, Fulvetta ludlowi, Ludlow's Fulvetta, Kinnear, 1935, (LC)
  • Kvitbrynfulvetta, Fulvetta vinipectus, White-browed Fulvetta, Hodgson, 1837, (LC)
  • Taiwanfulvetta, Fulvetta formosana, Taiwan Fulvetta, Ogilvie-Grant, 1906, (LC)
  • Gråhettefulvetta, Fulvetta cinereiceps, Gray-hooded Fulvetta, Verreaux, J, 1871, (LC)
  • Manipurfulvetta, Fulvetta manipurensis, Streak-throated Fulvetta, Ogilvie-Grant, 1906, (LC)
Slekt Rhopophilus
  • Tarimsongar, Rhopophilus albosuperciliaris, Tarim Babbler, Hume, 1871, (LC)
  • Snarsongar, Rhopophilus pekinensis, Beijing Babbler, Swinhoe, 1868, (LC)
Slekt Chamaea
Slekt Conostoma
  • Storbuttnebb, Conostoma aemodium, Great Parrotbill, Hodgson, 1841, (LC)
Slekt Cholornis
  • Brunbuttnebb, Cholornis unicolor, Brown Parrotbill, Hodgson, 1843, (LC)
  • Tretåbuttnebb, Cholornis paradoxus, Three-toed Parrotbill, Verreaux, 1870, (LC)
Slekt Psittiparus
  • Gråhettebuttnebb, Psittiparus gularis, Gray-headed Parrotbill, Gray, GR, 1845, (LC)
  • Svartkronebuttnebb, Psittiparus margaritae, Black-headed Parrotbill, Delacour, 1927, (NT)
  • Rusthovudbuttnebb, Psittiparus ruficeps, White-breasted Parrotbill, Blyth, 1842, (LC)
  • Rustbuttnebb, Psittiparus bakeri, Rufous-headed Parrotbill, Hartert, 1900, (LC)
Slekt Paradoxornis
  • Smekkebuttnebb, Paradoxornis flavirostris, Black-breasted Parrotbill, Gould, 1836, (VU)
  • Flekkbuttnebb, Paradoxornis guttaticollis, Spot-breasted Parrotbill, David, 1871, (LC)
  • Røyrbuttnebb, Paradoxornis heudei, Reed Parrotbill, David, 1872, (NT)
Slekt Chleuasicus
  • Svartbrynbuttnebb, Chleuasicus atrosuperciliaris, Pale-billed Parrotbill, Godwin-Austen, 1877, (LC)
Slekt Sinosuthora
  • Brillebuttnebb, Sinosuthora conspicillata, Spectacled Parrotbill, David, 1871, (LC)
  • Rosenbuttnebb, Sinosuthora webbiana, Vinous-throated Parrotbill, Gould, 1852, (LC)
  • Brunvengbuttnebb, Sinosuthora brunnea, Brown-winged Parrotbill, Anderson, 1871, (LC)
  • Kastanjebuttnebb, Sinosuthora alphonsiana, Ashy-throated Parrotbill, Verreaux, J, 1871, (LC)
  • Gråhovudbuttnebb, Sinosuthora zappeyi, Gray-hooded Parrotbill, Thayer & Bangs, 1912, (VU)
  • Gråkronebuttnebb, Sinosuthora przewalskii, Rusty-throated Parrotbill, Berezowski & Bianchi, 1891, (VU)
Slekt Suthora
  • Okerbuttnebb, Suthora fulvifrons, Fulvous Parrotbill, Hodgson, 1845, (LC)
  • Harlekinbuttnebb, Suthora nipalensis, Black-throated Parrotbill, Hodgson, 1837, (LC)
  • Mandarinbuttnebb, Suthora verreauxi, Golden Parrotbill, Sharpe, 1883, (LC)
Slekt Neosuthora
  • Dvergbuttnebb, Neosuthora davidiana, Short-tailed Parrotbill, Slater, 1897, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bairlein, F. & Bonan, A. (2019). Old World Warblers and Parrotbills (Sylviidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Hypertekst 'Species table' (Henta frå https://www.hbw.com/node/52320 15. september 2019).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology 
  2. 2,0 2,1 David W. Winkler, Shawn M. Billerman, Irby J. Lovette. Bird Families of the World - A Guide to the Spectacular Diversity of Birds. Lynx Edicions and the Cornell Lab of Ornithology, pp 600, 2015. ISBN 978-84-941892-0-3
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Songarar