Maskinpistolen Suomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maskinpistolen Suomi

Suomi, på finsk Suomi-konepistooli KP/-31 er ein type maskinpistol som vart bruka av finnane under andre verdskrigen. Han var ei vidareutvikling av prototypen M/-22 og produksjonsmodellen KP/-26. Kalibret var 9x19mm Parabellum.

Suomi M31 blir av mange sedd som ein av dei beste maskinpistolane frå andre verdskrigen. Konstruksjonen var så bra at han òg vart bruka som utgangspunkt for den sovjetiske Sjpagina maskinpistolen.

Suomi maskinpistol vart konstruert av Y. Koskinen og A. J. Lahti.

Sverige kjøpte òg inn denne maskinpistolen, som var den første i det svenske militæret. Dei produserte òg typen på lisens ved Husqvarna Vapenfabrik AB, som Kulsprutepistol M37-39. Også i Danmark og Sveits vart våpenet laga på lisens.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Svensk wikipedia, art. Suomi M31.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]