Matt Busby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Matt Busby
Matt Busby cropped.jpg
Fødd 26. mai 1909
Bellshill
Død

20. januar 1994
Manchester

Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Matt Busby på Commons
Statue av Busby utanfor fotballbana Old Trafford i Manchester

Matthew William Busby (26. mai 190920. januar 1994) var ein skotsk fotballspelar og -trenar, særleg kjend frå si tid som trenar for Manchester United på 1950- og 1960-talet. Høgdepunktet nådde han då Manchester-klubben i 1968 vann Europacupen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Spelar[endre | endre wikiteksten]

Busby spela høgrehalf for den engelske klubben Manchester City frå 1929 til -36 og deretter for Liverpool FC fram til 1940. Under 2. verdskrigen, 1941-43, spela Busby 38 kampar og skåra fem mål for Hibernian FC i ein eigen regional fotballiga i Skottland. Busby spela ein landskamp for Skottland, ein kamp mot Wales i Cardiff i 1933 som enda med siger 3-2 for heimelaget. Hans einaste triumf som spelar kom då Manchester City i 1934 vann den engelske cupfinalen med 2-1 over Portsmouth.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Våren 1945 fekk Busby tilbod om å trene Manchester United. Hans tid som lagsjef (manager) i Manchester United var svært suksessfylt, med fem ligameisterskap (1952, 1956, 1957, 1965 og 1967) og to sigrar i FA-cupen (1948 og 1963). I 1968 leia Busby klubben til topps i den gjævaste klubbturneringa, Europacupen. Manchester United vart dermed den fyrste engelske klubben som vann Europacupen.

Busby var med under flyulukka i München i 1958, der 23 menneske omkom, mellom dei åtte United-spelarar. Busby vart hardt skadd i ulukka, så assistenten tok over leiinga av laget for ei tid. Frå september til desember 1958 var Busby, mellombels, landslagssjef for Skottlands landslag i seks kampar.

Eitt år etter sigeren i Europacupen i 1968 pensjonerte Busby seg og vart avløyst av Wilf McGuiness. McGuiness lukkast lite, så Busby leia Manchester United våren 1971.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


  • Rothmans Football Yearbook 1980-81. London og Sydney