Matthias Merz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matthias Merz


Statsborgarskap Sveits
Fødd 1. februar 1984 (40 år)
Menziken
Idrett orientering
Tok del i

Verdenslekene 2005

Matthias Merz (fødd 1. februar 1984) er ein sveitsisk tidlegare orienteringsløpar frå Menziken. Han vart verdsmeister i klassisk løype i 2007 og fekk stafett-gull under VM 2009.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Merz var heilt suveren då han ved verdsmeisterskapen 2007 i Ukraina slo andremann på klassiskdistansen med nærare 4 enn 3 minutt. På kortdistansen var han nær ved å vinn gull nummer 2, han enda 0,9 sekund bakom franske Thierry Gueorgiou. To år seinare la Merz beslag på bronseplassen på mellomdistansen ved VM i Ungarn. Under VM 2012 ved Lausanne sprang han i mål til sølvmedalje både på den klassiske distansen og kortdistansen, bak høvesvis Olav Lundanes frå Noreg og sin eigen landsmann, Matthias Kyburz.

Tida frå 2005-10 sanka Merz tre VM-bronsar og eitt VM-gull i stafett. I 2007 gjekk han til topps i alle tre tevlingane ved den nordiske meisterskapen på Bornholm; klassisk løype, kort løype og stafett. Året etter vann han EM-gull i stafett for Sveits.

Merz vart tredjemann i verdscupen i orientering i 2008, 2011 og 2012.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2005: Bronsemedalje i stafett
  • VM 2007: Gull på klassiskdistansen, sølv på kortdistansen
  • VM 2008: Bronsemedalje i stafett, nr 5 på klassiskdistansen
  • VM 2009: Bronse på mellomdistanse, gull i stafett
  • VM 2010: Bronsemedalje i stafett
  • VM 2011: Nr 6 på kortdistansen
  • VM 2012: Sølv på klassisk- og kortdistansen
  • VM 2013: Nr 6 på klassiskdistansen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]