Maule-regionen
Utsjånad
| Maule | |||
| region | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Talca | ||
| Areal | 30 296,1 km² | ||
| Folketal | 1 044 950 (2017)[1] | ||
| Språk | spansk | ||
![]() Maule-regionen 35°25′36″S 71°40′18″W / 35.426666666667°S 71.671666666667°W | |||
| Wikimedia Commons: Maule Region | |||
Maule-regionen (spansk Región del Maule) er ein av dei seksten regionane i den administrative inndelinga av Chile, og omfattar dei fire provinsane Curicó, Talca, Linares og Cauquenes. Han grensar til O'Higgins-regionen i nord, til Ñuble-regionen i sør og til Argentina i aust. Talca er hovudstad og største byen i regionen.
Regionen hentar namnet sitt frå elva Maule som renn vestover frå Andesfjella, og deler regionen i to og spenner over eit nedslagsfelt på omtrent 20 600 km2. Maule-elva er av historisk interesse fordi ho mellom anna markerte den sørlege grensa for inkariket.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://www.censo2017.cl/wp-content/uploads/2017/12/Cantidad-de-Personas-por-Sexo-y-Edad.xlsx; vitjingsdato: 6. januar 2018.
- Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Maule Region» frå Wikipedia på engelsk, den 4. januar 2023.
