Mauro Ramos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mauro Ramos


Statsborgarskap Brasil
Fødd 30. august 1930
Poços de Caldas
Død

18. september 2002 (72 år)
Poços de Caldas

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1962, VM i fotball 1958, VM i fotball 1954, Copa América 1949

Mauro Ramos de Oliveira (30. august 193018. september 2002) var ein brasiliansk fotballspelar. Midtstopparen vart verdsmeister med Brasil sitt landslag i 1958 og 1962, og søramerikansk meister i 1949.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Ramos spelte for São Paulo FC frå 1948 til 1959, eit lag han vart delstatsmeister i São Paulo med fire gongar. Sidan var han aktiv for FC Santos åra 1960-66. Saman med mellom andre Pelé vann han den nasjonale meisterskapen fem år i rad, dessutan sigra laget i Copa Libertadores i 1962 og 1963. I 1966 flytta han utanlands og avslutta proff-tida si hos Deportivo Toluca i Mexico.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Mauro Ramos spelte ikkje meir enn 23 landskampar, den fyrste i 1949 og den siste i 1965. Han deltok i verdsmeisterskapane 1954, 1958 og 1962. I 1962 var han lagkaptein for mannskapet som forsvarte VM-tittelen under meisterskapen i Chile.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]