VM i fotball 1954

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Deltakarlanda i Fotball-VM 1954

Verdsmeisterskapen i fotball 1954 vart avvikla i seks byar i Sveits i tida frå 16. juni til 6. juli 1954. Vest-Tyskland vart verdsmeister etter å ha vunne med 3-2 over favorittane Ungarn i finalen.

16 land deltok i meisterskapen, fordelt på fire innleiingsgrupper. I gruppespelet vart det ikkje spelt meir enn fire kampar, då dei to høgst rangerte laga slapp å møte einannan (og dermed også dei to lågast rangerte laga). Lag med lik poengsum etter gruppespelet møttest til omkamp før ein vart klart for kvartfinalane. Brasil, Ungarn, Uruguay og England vart gruppevinnarar. Også Jugoslavia, Austerrike, Vest-Tyskland og Sveits tok seg vidare, dei to siste etter omkampar.

I kvartfinalane vann Austerrike med 7-5 over Sveits. Uruguay, Vest-Tyskland og Ungarn gjekk alle til semifinalane etter tomålssigrar. Vest-Tyskland feia Austerrike av bana med 6-1 i semifinalen i Basel, medan oppgjeret mellom Uruguay og Ungarn i Lausanne vart jamnt. Fyrst etter to mål av Sándor Kocsis i 2. ekstraomgang var Ungarn klar for finalen. Han vart elles toppskårar i turneringa med sine rekordmange 11 nettkjenningar. Bronsefinalen i Zürich 3. juli enda med siger 3-1 til Austerrike over Uruguay.

Lagoppstillingane i VM-finalen 1954

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen mellom Ungarn og Vest-Tyskland den 6. juli 1954 vart sett av 60 000 tilskodarar på Wankdorf stadion i Bern. Ungarn var store favorittar då laget i gruppespelet hadde slått nettopp Vest-Tyskland med 8-3 og ungararane elles ikkje hadde tapt på 31 kampar. Og allereie etter åtte minuttars spel leia Ungarn 2-0 gjennom skåringar av Ferenc Puskás og Zoltán Czibor. Men vesttyskarane kom snøgt tilbake og både reduserte og utlikna dei neste ti minuttane av kampen, ved høvesvis Max Morlock og Helmut Rahn. Sidan kom ikkje fleire mål før Rahn skåra sigersmålet i det 84. minutt. Dermed var det som i Tyskland vart kjent som «Das Wunder von Bern» («Miraklet i Bern») eit faktum. Triumfen var den fyrste til eit tysk fotballandslag i ei internasjonal storturnering.

Vest-Tyskland sitt vinnarlag bestod av: Toni Turek, Werner Kohlmeyer, Horst Eckel, Josef Posipal, Karl Mai, Werner Liebrich, Helmut Rahn, Max Morlock, Ottmar Walter, Fritz Walter og Hans Schäfer.

Ungarn stilte med: Gyula Grosics, Jenő Buzánszky, Gyula Lóránt, Mihály Lantos, József Bozsik, József Zakariás, Sándor Kocsis, Nándor Hidegkuti, Ferenc Puskás, Zoltán Czibor og Mihály Tóth.

William Ling frå England dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]