Max Reinhardt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Max Reinhardt
Max Reinhardt.jpg
Fødd 9. september 1873
Baden i Niederösterreich
Død

30. oktober 1943
New York by

Yrke filmregissør, skodespelar, universitetslærar, teaterskodespelar, teaterregissør
Max Reinhardt på Commons

Max Reinhardt, som opphavleg heitte Maximilian Goldmann (9. september 187331. oktober 1943) var ein austerriksk-amerikansk teater- og filmregissør, teaterleiar, teaterskipar og teatereigar.

Max Reinhardt var fødd i Baden bei Wien i Austerrike og avliden i byen New York i USA. Foreldra hans var Wilhelm og Rosa (fødd Wengraf), som opphavleg hadde etternamnet Goldmann, men i 1904 vart etternamnet på heile familen endra frå Goldmann til Reinhardt. Max Reinhardt var gift med skodespelarinna Helen Thimig, og er faren til regissøren Gottfried Reinhardt.

Max Reinhardt var ein av si tids fremste teaterregissørar i Tyskland og Austerrike, og hadde stor påverknad på fleire europeiske regissørar og skodespelarar. Han var eigar og leiar av fleire teater, som alle vart konfiskert av Reichskulturkammer etter at nazistane hadde fått makta i 1933. Etter dette flytta Reinhardt til USA der han kunne halde fram med teaterverksemda si.

Max Reinhardt la grunnlaget for dei seinare vidgjetne Salzburger Festspiele, festspela i Salzburg, med Jedermann-oppsetjinga si 22. august 1920. Han var fyrst og fremst teatermann, og regisserte berre nokre stumfilmar, og elles ein film, Ein midtsommarnattsdraum, frå 1935.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.