May Valle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
May Valle
May Valle (cropped).jpg
May Valle
Foto: Jo Straube / Venstre
Fødd1951 (70 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
VervOrdførar i Hamarøy 1995–2003
FøregangarSverre Harald Eriksen (Sp)
EtterfylgjarJan-Folke Sandnes (H)

May Valle (fødd 1951) er ein norsk adjunkt og politikar busett på Oppeid i Hamarøy kommune. Ho representerer òg VenstreNordland Fylkesting.

Valle var ordførar i Hamarøy i to samanhengande periodar frå 1995 til 1999 og gjenvald med nesten reint fleirtal i perioden frå 1999 til 2003. Ho blei gjeninnvald til kommunestyret i 2007 som representant for Samarbeidslista for Venstre og partipolitisk uavhengige[1] og vald inn til den første perioden sin på Fylkestinget som representant for Venstre, der ho vart medlem av Samferdselskomitéen.

Frå februar 2009 til 2011 var Valle fylkesråd for samferdsel[2] og i perioden frå 2011 til 2015 gruppeleiar for Venstre si fylkestingsgruppe i tillegg til kommunestyrerepresentant i Hamarøy.

May Valle var nominert på andreplass på lista til Nordland Venstre til Stortingsvalet 2013.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Avisa Nordlands artikkel 10.09.2007: Ti kvinner innvalgt i Hamarøy. Besøkt 11. oktober 2012.
  2. Avisa Nordlands artikkel 03.02.2009: ...nye fylkesråder. Besøkt 11. oktober 2012.
  3. Avisa Nordlands artikkel 16.09.2012: May Valle tapte votering. Besøkt 09. oktober 2012.