Medmor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Medmor er, etter norsk lov, ei kvinne som ei fødande kvinne er gift med. Medmorskap kan også bli fastsett ved at ein kvinneleg sambuar til mora vedgår medmorskapet, tilsvarande reglane som gjeld når ein mannleg sambuar vedgår farskap. I begge tilfelle er det eit vilkår at barnet er avla ved assistert befruktning innanfor godkjent helsestell og med kvinna sitt samtykke til befruktninga.

Eit barn som har ei medmor, kan ikkje samstundes ha ein far.

Omgrepet er ein parallell til pater est-regelen, og lovfesta i den norske barnelova. Reglar i lov eller forskrift som gjeld om eller for ein far, gjeld på same vis om eller for ei medmor.

Medmødrer finnes også i lova i Danmark og Belgia («medmoder», «meemoeder», «coparente»). I Island og Sverige kallar lova ei medmor berre ein forelder («foreldri», «förälder»), i Nederland og Quebec berre ei mor («moeder», «mère»).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]