Melhus prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°16′22″N 10°17′34″E / 62.272687°N 10.292735°E / 62.272687; 10.292735

Melhus prestegard
Foto: Riksantikvaren

Melhus prestegard ligg ved Melhus kyrkje. Våningshuset er ei trønderlån som vart bygd i 1720–22. I 1744 vart låna påbygd i begge endar.

I 1878 vart våningshuset omfattande oppgradert. Det fekk delvis ny grunnmur, ompaneling, omtekking, utskifting av vindauge og fornying av golv. Ombygginga vart leia av arkitekt Johan P. Digre.

Dei ulike prestane som budde i huset, klaga til Riksantikvaren om trekk og for store rom, og dette vart opptakta til ei større restaurering etter teikningar av den unge arkitekten Roar Tønseth i 1922. På grunn av problem med finansieringa vart ikkje restaureringa gjennomført før i 1929. Restaureringa innebar å føre bygningen attende til slik han var før ombygginga til sveitserstil i 1878.

Bygningen var prestebustad fram til 1962. I 1980-åra var det behov for å utvide kyrkjegarden, og det kom forslag om å rive våningshuset. Dette førte til at samskipnaden Prestegårdslånas Venner vart stifta i 1985. I 1996 vart våningshuset og hagen freda av Riksantikvaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]