Melhus kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 63°16′25″N 10°17′36″E

Melhus kyrkje
kyrkje
none  Foto: Finn Rindahl
Foto: Finn Rindahl
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros bispedømme
Prosti Gauldal prosti
Fellesråd Melhus
Type krosskyrkje
Arkitekt Carl Julius Bergstrøm
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd 1892
Kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 500
Wikimedia Commons: Melhus kirke

Melhus kyrkje, Melhus i Trøndelag, er ei krosskyrkje i stein frå 1892 teikna av Carl Julius Bergstrøm.

Til venstre for altartavla heng eit måla portrett, rekna som Petter Dass sitt portrett , truleg måla i 1684 av ein ukjend kunstnar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Melhus prestegjeld hadde i 1589 to prestar og fem kyrkjer. Melhus kyrkje var hovudkyrkje med annekskyrkjer i Leinstrand, Flå, Grøtan og Kolbrandstad og to i Hølonda. Kolbrandstad kyrkje vart riven midt på 1600-talet. Ved kgl.res. 6. mars 1889 vart det tillate å rive den gamle steinkyrkja i Melhus hovudsokn og byggje ei ny kyrkje på same tomt.

Historikaren Gerhard Schøning skreiv etter ei vitjing i Melhus kyrkje: «Ved den søndre Siide af Indgangen til Choret, staaer et Epitaphium som K a r e n, A n d e r s H e l k a n d t s, har ladet sætte, over sine Forældre og Børn.»

Dette «Epitaphium» hang i gammalkyrkja i Melhus. Det vart ikkje flytta over til nykyrkja då den gamle mellomalderkyrkja vart riven i 1890, men vart i staden sett unna på garden Søndre Melhus. Her stod tavla til 1899.

Prestegårdslåna[endre | endre wikiteksten]

Prestegårdslåna som ligg rett sør for kyrkja var rivningstrua på 1990-talet til ho vart freda av Riksantikvaren. Bygningen er i dag i eiga til Stiftelsen Prestegårdslåna i Melhus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]