Hopp til innhald

Melvillehalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melvillehalvøya
halvøy
Land  Canada
Kart
Melvillehalvøya
68°N 84°W / 68°N 84°W / 68; -84

Melvillehalvøya er ei stor halvøy i det arktiske området i Canada, nord for Hudsonbukta. Mot aust ligg Foxesjøen og mot vest Boothiagolfen. Mot nord skil Fury og Heclasundet henne frå Baffinøya. I sør skil Repulse Bay og Frozen Strait henne frå Southamptonøya ved den nordlege delen av Hudsonbukta. Mot sørvest er ho forbunden med fastlandet gjennom Rae Isthmus, med namn etter den arktiske oppdagaren dr. John Rae. Mellom 1821 og 1823 blei austsida kartlagd av William Edward Parry.

Halvøya ligg no i territoriet Nunavut. Før dette var det del av District of Franklin. Det meste av halvøya ligg i Qikiqtaaluk-regionen, men delen lengst i sørvest, rundt Repulse Bay, ligg i Kivalliq. Busetnader på halvøya omfattar landsbyar i Repulse Bay og Hall Beach. Landsbyen Igloolik ligg på ei øy ved den nordaustlege kysten av halvøya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]