Nunavut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nunavut
territorium
Flagg
Symbol
Motto: Nunavut Sannginivut
(Inuktitut for 'landet vårt, styrken vår')
Land  Canada
Hovudstad Iqaluit
Areal 2 038 722 km²
Folketal 36 858 (2021)[1]
Grunnlagd 1. april 1999
Språk Inuktitut, inuinnaqtun, engelsk, fransk
Tidssone UTC-5, UTC-6, UTC-7
Kart
Nunavut
70°N 90°W / 70°N 90°W / 70; -90
Wikimedia Commons: Nunavut

Nunavut ('vårt land' på inuittspråket inuktitut) er det største og yngste av territoria i Canada. Det blei delt frå Nordvestterritoria i 1999 medan dei faktiske grensene blei fastlagde i 1993. Territoriet omfattar nesten 25 % av dei kanadiske landområda. 80 % av innbyggjarane er inuittar. Nunavut er det første territoriet der urfolk har fått ei stor grad av sjølvstyre.

Om Nunavut var eit eige land ville det vore det femtande største og hatt den lågaste folketettleiken i verda. Folketalet på berre 30 782 er fordelt på eit område like stort som Vest-Europa.

Territoriet omfattar fleire store arktiske øyar, der Baffinøya er den største. Den nordlegaste av dei, Ellesmereøya, ligg berre nokre mil frå nordvestre spissen av Grønland. Nunavut grensar elles til Manitoba i sør, Saskatchewan i sørvest, og Nordvestterritoria både på fastlandet og fleire av øyane. Hovudstaden Iqaluit ligg på Baffinøya. Den nest største byen i territoriet er Rankin Inlet.

Nunavut er delt inn i tre administrative regionar: Kitikmeot, Kivalliq og Qikiqtaaluk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nunavut
Spire Denne geografiartikkelen som har med Canada å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.