Mendelssohnfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 71°17′S 72°52′W
Mendelssohnfjorden
fjord
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Koordinatar 71°17′S 72°52′W
Lengd 46 km
Administrert under Antarktistraktaten

Mendelssohnfjorden
71°16′60″ S 72°52′0″ W
Mendelssohnfjorden is located in Antarktis
Mendelssohnfjorden (Antarktis)

Mendelssohnfjorden er ein 46 km lang isdekt fjord mellom Derocher Peninsula og Eroica Peninsula på nordsida av Beethoven Peninsula, sørvest på Aleksanderøya i Antarktis. Fjorden vart oppdaga frå lufta og grovt kartlagd av U.S. Antarctic Service (USAS), 1939-41. Han vart oppdaga på ny og fotografert frå lufta av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947-48. Ei ny kartlegging basert på foto av RARE vart utført av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1960. Han fekk namn av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter den tyske komponisten Felix Mendelssohn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mendelssohn Inlet» (innhald frå Geographic Names Information System).