Mercer Bay
Utsjånad
Mercer Bay | |||
bukt | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Georgia | ||
- koordinatar | 54°16′S 36°40′W / 54.267°S 36.667°W | ||
Mercer Bay 54°16′00″S 36°40′00″W / 54.2667°S 36.6667°W | |||
Mercer Bay er ei lita bukt med Geikiebreen i enden ved sørvestenden av Cumberland West Bay i Sør-Georgia. Bukta finst på eit skissert kart over Cumberland Bay av løytnant S.A. Duse under Den svenske antarktisekspedisjonen, 1901-04. Namnet dukka først opp på eit kart basert på landmålingane til Discovery Investigations i 1926-30. Ho er truleg kalla opp etter kapteinløytnant G.M. Mercer som var kaptein av DI-skipet «William Scoresby», som deltok i merking av kval og oseanografisk arbeid utanfor Sør-Georgia i 1926-27.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mercer Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).