Merete
Utsjånad
Merete, Merethe og Mereta er opphavleg danske kvinnenamn danna som kortformer av Margareta. Merete har norsk namnedag den 25. oktober.
Namnet stammar opphavleg frå det greske margarites, 'perle'. Liknande kortformer av namnet er Marit, Marte og Märtha, ei svensk namneform danna gjennom det svært nærskylde Märetha. Mette er igjen danna som ei kortform av Merete.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Merete Skavlan (f. 1920), norsk skodespelar og instruktør
- Merete Wiger (f. 1921), norsk forfattar
- Merete Mazzarella (f. 1945), finlandssvensk forfattar og litteraturforskar
- Merete Moen (f. 1945), norsk skodespelar
- Merete Armand (f. 1955), norsk skodespelar
- Merete Junker (f. 1959), norsk skribent
- Merete Smith (f. 1960), norsk jurist
- Merethe Lindstrøm (f. 1963), norsk forfattar
- Merete Nesset Andersson (f. 1963), norsk forfattar og aktivist
- Merete Morken Andersen (f. 1965), norsk forfattar, litteraturkritikar og redaktør
- Merete Pryds Helle (f. 1965), dansk forfattar
- Merete Agerbak-Jensen (f. 1967), norsk politikar
- Merete Fjeldavlie (f. 1968), norsk alpinist
- Merethe Trøan (f. 1970), norsk artist og skodespelar
- Merete Myklebust (f. 1973), norsk fotballspelar
- Merethe Wessel-Berg (f. 1973), norsk fotograf
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Merete» i Store norske leksikon, snl.no.