Merete Armand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Merete Armand
Fødd8. juni 1955
FødestadBergen
Død22. januar 2017 (61 år)
DødsstadBergen
Verka somskodespelar
MorElisabeth Armand
FarEilif Armand
PrisarPernillestatuetten

Merete Armand (8. juni 195522. januar 2017) var ein norsk skodespelar som var mest kjend frå scena. Ho var tilsett ved Den Nationale Scene i det meste av det yrkesaktive livet sitt. Ho gjorde seg spesielt notert i rolla som Oline i Hellemyrsfolket (1992).

Armand gjekk ut frå Statens Teaterhøgskole i 1979 og hadde debuten sin same året i stykket Ole Brumm ved Sogn og Fjordane Teater.[1] Ho var vidare tilsett ved Telemark Teater, Trøndelag Teater, Homansbyen Teaterselskap og Riksteatret. I 1986 vart ho tilsett ved Den Nationale Scene og blei verande her fram til ho døydde.[1]

På Den Nationale Scene medverka ho blant anna i oppsetjingar som Vaskerelvens rose av Gunnar Staalesen (1986), Måken av Anton Tsjekhov (1987), Hellemyrsfolket av Amalie Skram (1992), Løvet i Vallombrosa av Lars Norén (1997), Erasmus Montanus av Ludvig Holberg (2000), Presidentinnene av Werner Schwab, (2000), Heksene av Roald Dahl (2001–02), 1900 av Gunnar Staalesen (2002–03), Ronja Røverdatter av Astrid Lindgren (2003–04), Ved Kattemyra av Marina Carr (2004), Kameliadamen av Alexandre Dumas d.y. (2004), Idioten av Fjodor Dostojevskij (2005) og i Vesle Eyolf av Ibsen. Den siste rolla hennar var i Kvinnene fra Troja (2009) av Evripides.

Ved sida av teateret medverka ho òg i fleire høyrespel.[2] Ho hadde òg ei mindre rolle i den britiske filmen The Witches (1990) og dessutan nokre få oppdrag for TV.

I 1997 vart ho tildelt tildelt Pernillestatuetten.

Merete Armand var dotter av skodespelaren Eilif Armand og forfattaren Elisabeth Armand, og syster til barnebokforfattaren Yngvil Armand og skodespelarane Frøydis Armand og Gisken Armand.[1] Ho døydde 61 år gammal av kreft.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Trellevik, Mads (22. januar 2017). «Merete Armand er død» (på norsk). Henta 19. august 2021. 
  2. «Person» (på norsk bokmål). Henta 19. august 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]