Merkesmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Merkesmann (norrønt merkismaðr) var i mellomalderen den personen i hirda som bar merket til kongen i strid.

Merkesmannen var ein del av hirda. Hirda bestod av unge menn frå gode ætter, som skulle vera lojale mot kongen. Merkesmannen var ein av dei med høgast rang i hirda, etter stallaren.[1] Merkesmannen vert omtalt allereie på Harald Hårfagre si tid. I strid skulle merkesmannen ta vare på merket til kongen, ei fane eller eit banner med symbolet til kongen på. I fredstid vart merkesmannen truleg nytta som rådgjevar for kongen.[2]

Merkesmannen var ein del av den inste krinsen rundt kongen, og frå høgmellomalderen var merkesmannen ein del av riksrådet, den rådgjevande forsamlinga av adel og geistlige som gav kongen råd om styringa av landet.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «Merkesmann». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 30. september 2016. 
  2. Jon Vidar Sigurdsson (1999): 85
  3. Jon Vidar Sigurdsson (1999): 141
Litteratur
  • Jon Vidar Sigurdsson, Norsk historie 800-1300. Det norske samlaget, Oslo 1999