Stallar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Stallar eller stallare (norr. stallari, frå latin stabulum, 'stall') var ein høgtståande embetsmann i nordiske kongar sin hird i norrøn tid.

Opphavleg var stallaren stallmeister og den personlege livvakten til kongen. Som regel vart stallarar rekrutterte blant hersane. Stallarane var difor gjerne menn som var vist stor tillit. Ein av dei mest kjende stallarane frå sagalitteraturen var kanskje Bjørn Stallare. Han var stallar for Heilag-Olav og bidrog sterkt under forhandlingane då denne gifta seg med Olof Skötkonung si dotter Astrid.[treng kjelde]

Som stallar hadde ein på 1100-talet rett til å tole mannebot for nokre typar misferder, i staden for fysisk straff. For eit mindre brotsverk var mannebota 6-24 mark, avhengig av sosial status elles. Ein mark var ei teljeeining for 16 skilling a 12 penningar, og svarte til 107,16 gram sølv på den tida.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]