Meroe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Archaeological Sites of the Island of Meroe
UNESCO si liste over verdsarv
Sudan Meroe Pyramids 2001.JPG
Kusjittiske pyramidar ved Meroe
Land: Sudan
Flag of UNESCO.svg Innskriven ved UNESCOs 35. sesjon i 2011.
Referansenr. 1336.
Kriterium: II, III, VI, V
Sjå òg Verdsarvstader i Afrika
Bakgrunnsstoff UNESCO: Archaeological Sites of the Island of Meroe

Meroe (meroittisk Medewi eller Bedewi; arabisk مرواه, Meruwah og مروى, Meruwi; gammalgresk Μερόη, Meróē) er ein oldtidsby ved austbreidda av Nilen i Sudan. Han var hovudstad i Kusjriket i fleire hundreår. Byen ligg rund 6 km nordaust for Kabushiya stasjon ved Shendi, rundt 200 km nordaust for Khartoum. Nær staden ligg ei landsbyklynge som heiter Bagrawiyah. Pyramidane, tempel og slott og restar etter keramikk- og jernproduksjon ber vitne om eit rikt og mektig rike.[1] I 2011 blei Meroe teke med på UNESCO si liste over verdsarv.[1]

Pyramidar i Meroe.

Meroe blei grunnlagd på 700-talet f.Kr. Han blei kongeleg bustad på 600-talet f.Kr.[2] På 500-talet blei hovudstaden for kongeriket flytta hit frå Napata lengre nord.[3] Grunnar kan vera trugsmålet frå Egypt i nord,[4] eller dei rike jernførekomstane ved Meroe.[3] Frå 200-talet f.Kr. blei dei fleste kongelege i Kusjriket gravlagde her, fleire av dei i pyramidar.[1] I 335 blei Meroe erobra og øydelagd av kong Ezana av Aksum.[2]

Byen hadde ein omfattande jernproduksjon.[4] Ved ruinane ligg høge slagghaugar som framleis vitnar om ein av dei største jernprodusentane i oldtida.[5]


Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «The Island of Meroe, UNESCO World Heritage». Whc.unesco.org. http://whc.unesco.org/en/tentativelists/1934/. Henta 2012-09-06. 
  2. 2,0 2,1 Afrika: historie og kultur. [Oslo]: Gyldendal. 1981. s. 14. ISBN 8257401595. 
  3. 3,0 3,1 Meyer-Heiselberg, R. (1966). Afrika før den hvite mann. Oslo: Aschehoug. s. 23. 
  4. 4,0 4,1 Det gamle Afrika: afrikansk historie før kolonitida. Oslo: Samlaget. 1965. s. 26-27. 
  5. «The Iron Age of Meroe», allempires.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]