Mjølberar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Støvberar)
Mjølberar hjå hibiskus.

Mjølberar, støvberar eller pollenberar er ein plantedel som produserer pollen. Han er danna av eit meir eller mindre omdanna blad hjå frøplantar. Pollenberarane utgjer såleis den hannlege delen av blomen, andrøsium eller androecium. Pollenkorna blir danna i eigne behaldarar, pollensekkar, på pollenberarane.

Skjematisk framstilling av ein mjølberar.
1: Pollentråd eller filament 2: Theka 3: Konnektiv 4: Pollensekk

Mjølberaren er laga av omdanna blad i blomen kalla pollenblad eller støvblad. Hjå nokre «primitive» plantegrupper kan ein fortsatt sjå bladkarakteren til organet.[1]

Hjå nakenfrøingar sit pollensekkane som oftast i store tal på undersida av meir bladforma pollenberarar, pollenblad. Hjå dekkfrøingar består pollenberarane gjerne av ein stilk, pollentråd, og eit utvida parti i toppen, pollenknapp. Pollenknappen inneheld fire pollensekkar. Når pollenkorna er mogne, sprekk pollenknappen opp, anten med lengdespalter eller hol, og pollenet slepp ut. Hjå nokre plantar, som perikum, har mange pollentrådar vokse saman i buntar, medan knappane er frie. Hjå til dømes korgplantane er pollenknappane voksne saman til eit røyr, medan pollentrådane er frie.

Plantesystemet til Carl von Linné er i første rekke basert på talet på pollenberarar i blomen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «pollenbærer» i Store norske leksikon, snl.no.