Mettupalayam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nilgiri Mountain Railway

Mettupalayam er ein kommune i Coimbatore-distriktet i India, nord for Coimbatore på vegen til Ooty. Kommunen ligg 314 moh., ved breidda av Bhavanielva og foten av Nilgiri-fjella, om lag 38 km nord for Coimbatore sentrum i Tamil Nadu. Mettupalayam er den tredje største i distriktet, og ein av dei raskaste veksande forstadane nord for Coimbatore. I 2011 var folketalet i kommunen 66 595.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Jarnbanestasjonen i Mettupalayam er utgangsstasjonen for Nilgiri Mountain Railway, òg kalla «Ooty Train», den einaste tannstangbana i Asia. I Mettupalayam kan dei reisande byte frå denne særsynte jarnbana til den breispora «Nilgiri Superfast Howrah Express» (Blue Mountain Express) nordover til Kolkata eller sørover til hovudstaden i delstaten, Chennai, via Coimbatore.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]