Miass
- For elva med same namn sjå Miasselva.
Miass Миасс | ||
---|---|---|
![]() |
![]() | |
Flagget til Miass | Byvåpenet til Miass |
|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Føderasjonssubjekt | Tsjeljabinsk | |
Grunnlagd | 1773 | |
Borgarmeister | Viktor Ardabjevski | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
112 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
153 600 1 371,4 /km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 340 moh | |
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 4563xx | |
Retningsnummer (tlf) | (+7)3513 | |
Nettstad: www.gorod.miass.ru |
Miass (russisk Миа́сс) er ein by i Tsjeljabinsk oblast i Russland. Han ligg 96 km frå Tsjeljabinsk, ved elva Miass, på austsida av dei sørlege Uralfjella. Byen har like over 150 000 innbyggjarar.
Miass vart grunnlagt i 1773 som ein busetnad for fabrikk ved ei kopargruve, og fekk bystatus i 1926. Under 1800-talet var utviklinga drive av oppdaginga av dei rikaste gullreservane i Ural. Gjennomsnittleg årleg utvinning av gull frå Miass-regionen var rundt 640 kg. På midten av 1800-talet gjekk gulldrifta tilbake og utviklinga av Miass bremsa dermed òg opp.
I 1941 vart ein bilfabrikk bygt i Miass, som framleis er i drift som lastebilfabrikken UralAZ, som i dag er den viktigaste verksemda Miass. Selskapet UralAZ produserer tre-akslars allhjuldrifts lastebilar med høg framkommelegheit i terreng, og eksporterer 8 % av produksjonen. UralAZ har 105 000 tilsette.
Den eldste delen av byen består av 1800-tals trehus med originale balkongar og dørkarmar. Eit hus som høyrte til gullgruveadministratoren Simonov er òg bevart.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]