Hopp til innhald

Kysjtym

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kysjtym
Кыштым
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Tsjeljabinsk oblast
Areal 45,67 km²
Folketal 35 325 (2023)[1]
Grunnlagd 1757
 •  Bystatus 1934
Postnummer 456870
Retningsnummer +7 35151
Kart
Kysjtym
55°42′50″N 60°33′10″E / 55.713888888889°N 60.552777777778°E / 55.713888888889; 60.552777777778
Wikimedia Commons: Kyshtym

Kysjtym er ein by i Tsjeljabinsk oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg på austsida av dei sørlege Uralfjella, rundt 90 km nordvest for Tsjeljabinsk, nær byen Oziorsk.

Atomulykke

[endre | endre wikiteksten]

Kysjtym ligg nær det kjernefysiske komplekset Tsjeljabinsk-40, òg kjent som «Majak» («varde» på russisk). Her oppstod det den 29. september 1957 ein kraftig eksplosjon som involverte tørre nitrat og acetatsalt i ein tank med høgradioaktivt avfall. Ulukka forureina eit stort område som mellom anna omfatta Kysjtym. Eksplosjonen skuldast svikt i kjølesystemet til tanken. [2]

Det vart slept ut 40 PBq med fisjonsprodukt. Cerium-144 og Zirconium-95 (begge relativt kortliva isotopar med ei halveringstid på respektive 285 og 64 dagar) utgjorde 91 % av utsleppet. Det var 1 PBq med Sr-90 og 13 TBq med Cs-137. Den forureina sonen, som vert kalla East Urals Radioactive Trace (EURT), målte 300 x 50 km og var forureina med meir enn 4 kBq/m² med Sr-90. Det globale nedfallet av Sr-90 var rundt 2 kBq/m². Eit område på 17 km² var forureina med rundt 100 MBq Sr-90/m².

Det var 270 000 innbyggjarar i området. Masseevakuering vart gjennomført, sidan den kritiske forureina kom frå Sr-90, med ei effektiv halveringstid på 10–20 år. Omkring 800 km² land vart teke ut av bruk. 82 % av dette området er no teke i bruk att, til skogdrift og jordbruk.

Kysjtym-ulukka vart stort sett skjult av sovjetiske styresmakter fram til 1980, då den sovjetiske biologen Zjores Medvedev avslørte hendinga.

  1. ↑ Оценка численности постоянного населения на 1 января 2023 года и в среднем за 2022 год и компоненты её изменения (с учётом итогов Всероссийской (på russisk), 17. mars 2023, Wikidata Q127408111
  2. ↑ «Kyshtym accident» TED Case Studies: An Online Journal American University

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kysjtym